HTML-eksport

Bestemmer innstillingane for publisering av LibreOffice Draw- og LibreOffice Impress-dokument i HTML-format.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Fil → Eksporter og så filtypen «HTML-dokument» i LibreOffice Draw eller LibreOffice Impress for å opna dette dialogvindauget automatisk


Kva sider som vert viste, er avhengig av valet ditt på side to i vegvisaren.

HTML-eksport - side 1

På den første sida kan du velja ei eksisterande utforming eller laga ei ny.

HTML-eksport - side 2

Bestemmer kva publikasjonstype som skal brukast.

HTML-eksport - side 3

Bestemmer bilettypen og ønskt oppløysing på skjermen.

HTML-eksport - side 4

Angjev informasjon som skal visast på tittelsida til publikasjonen.

HTML-eksport - side 5

Angjev ein stil for knappane som vert brukte til å navigera gjennom lysbilata i presentasjonen.

HTML-eksport ‒ side 6

Angje fargane for publikasjonen.

< Tilbake

Gå tilbake til vala du gjorde på førre sida. Gjeldande innstillingar vert lagra. Du kan velja denne knappen frå andre steget.

Neste >

Lagra dei nye innstillingane og gå til neste side. Denne knappen verkar ikkje på siste steget.

Opprett

Lagar nye dokument ut frå vala du har gjort, og lagrar dokumenta.

Merknadsikon

LibreOffice lagrar dei gjeldande innstillingane i vegvisaren og bruker dei som standardinnstillingar neste gong du bruker vegvisaren.