Rapportvegvisar

Slår på vegvisaren for rapportar.

For å bruka denne funksjonen …

Trykk Bruk vegvisar for å lage ein rapport i eit vindauge for ei databasefil.


Bruka og redigera databaserapportar

Vel rapporteigenskapane.

Rapportvegvisar - Feltval

Vel kva tabell eller spørjing du lagar rapporten for, og kva felt du vil ha med i rapporten

Rapportvegvisar → Setja namn på felt

Vel korleis du vil namngje felta.

Rapportvegvisar → Gruppering

Du kan gruppere postar i ein rapport basert på verdiane i eitt eller fleire felt. Vel felta som rapporten skal grupperast etter. Du kan gruppera opp til fire felt i ein rapport. Når du grupperer meir enn eitt felt, nester LibreOffice gruppene i høve til grupperingsnivået.

Rapportvegvisar - Sorteringsalternativ

Vel felta du vil sortera rapporten etter. Felt kan sorterast i opp til fire nivå, kvart av dei anten stigande eller fallande. Grupperte felt kan berre sorterast innføre kvar gruppe.

Rapportvegvisar - Vel utforming

Vel utforminga frå ulike malar og stilar, og vel ståande eller liggjande sideretning.

Rapportvegvisar → Lag rapport

Du kan laga rapporten som ein statisk eller ein dynamisk rapport. Når du opnar ein dynamisk rapport, vert han vist med det gjeldande datainnhaldet. Når du opnar ein statisk rapport, vert han alltid vist med dei same dataa som då han vart laga.

Avbryt

Lukkar du eit dialogvindauge med Avbryt, vert ingen av endringane du har gjort i han lagra.

Tilbake

Vis vala du gjorde i dialogboksen i førre steg. Innstillingane på dette steget bvert ikkje endra. Denne knappen kan berre brukast frå og med side to.

Neste

Trykk Neste. Då vil vegvisaren bruka gjeldande innstillingar og går vidare til neste steg. På det siste steget vert denne knappen endra til Lag.