Skjemavegvisar → Feltval
På denne sida i Skjemavegvisaren kan du velja tabellen eller spørjinga du treng for å laga skjemaet og felta du vil ha med i skjemaet.
Tabellar eller spørjingar
Oppgje tabellen eller spørjinga du vil laga eit skjema for.
Tilgjengelege felt
Viser ei liste over namna til databasefelta i den valde tabellen eller spørjinga. Trykk for å velja eit felt eller hald nede «Shift» eller «CmdCtrl»-tasten medan du trykkjer for å velja meir enn eitt felt.
>
Trykk for å flytta dei valde felta til boksen pila peikar på.
>>
Trykk for å flytta alle felta til boksen pila peikar på.
<
Trykk for å flytta dei valde felta til boksen pila peikar på.
<<
Trykk for å flytta alle felta til boksen pila peikar på.
^
Trykk for å flytta det valde feltet opp ein plass i lista.
v
Trykk for å flytta det valde feltet ned ein plass i lista.
Felt i skjemaet
Viser felta som er med i det nye skjemaet.