Vegvisar for brev

startar vegvisaren for ein brevmal. Du kan bruka malen både for formelle og personlege brev.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Fil → Vegvisarar → Brev


LibreOffice vert levert med eksempelmalar for personlege brev og forretningsbrev. Desse kan du tilpassa til dine eigne behov ved hjelp av vegvisaren. Vegvisaren leiar deg steg for steg gjennom prosessen med å laga ein dokumentmal, og tilbyr fleire val for oppsett og utforming. Førehandsvisinga gjev eit inntrykk av korleis det ferdige brevet vil sjå ut, på grunnlag av innstillingane du har vald.

I vegvisaren kan du når som helst endra oppføringar og val. Du kan også hoppa over ei side eller alle sidene i vegvisaren. Gjer du det, vert dei gjeldande innstillingane (eller standardinnstillingane) brukte.

Brevvegvisar - Sideutforming

Avgjer om du vil laga eit personleg brev eller eit forretningsbrev. Kva innstillingar som er tilgjengelege på dei neste sidene vert styrt av dette valdet.

Merknadsikon

Viss du lagar eit forretningsbrev, kan du velja mellom ei rekkje element du kan ta med i dokumentet. Dette er element som til vanleg ikkje vert brukte i personlege brev, for eksempel ei emnelinje. Viss du vel brevtypen Personleg brev, vert sider som inneheld element som til vanleg vert brukte i forretningsbrev, ikkje tatt med i dialogvindauget i vegvisaren.


Brevvegvisar → Brevhovudutforming

Let deg velja elementa som alt er trykt på brevpapiret. Desse elementa vert ikkje skrivne ut og plassen dei tek vert ikkje skrive på.

Brevvegvisar → Element som skal skrivast ut

Vel kva element som skal vera med i brevmalen.

Brevvegvisar → Mottakar og sendar

Skriv inn informasjon om sendar og mottakar.

Brevvegvisar → Botntekst

Fyll inn informasjon i botnteksten.

Brevvegvisar → Namn og adresse

Viser kvar og under kva namn du vil lagra dokumentet og malen.

Tilbake

Let deg sjå vala du gjorde på førre steg. Gjeldande innstillingar vert lagra.

Test

Lagra dei noverande innstillingane og gå vidare til neste side.

Fullfør

Vegvisaren bruker vala du har gjort til å laga ein ny dokumentmal, som vert lagra på harddisken. LibreOffice lagar eit nytt dokument på grunnlag av malane som finst frå før. Dokumentet får namnet «Utan namn X» (der X er eit tal som ver gjeve fortløpande nummerering), og vert vist i arbeidsområdet.

Merknadsikon

LibreOffice lagrar dei gjeldande innstillingane i vegvisaren i samsvar med den valde malen. Desse innstillingane vert brukte som standardinnstillingar neste gong du bruker vegvisaren.