Søk – Søk i heile teksten

Funksjonen for søk i heile hjelpeteksten til LibreOffice lar deg søkja etter hjelpedokument som inneheld ein kombinasjon av søkjeord. Skriv inn eitt eller fleire ord i Søkjeord-feltet.

Søkjeord-tekstfeltet lagrar dei sist brukte søkjeorda. Bruk nedtrekkslista viss du vil gjenta eit søk som du har brukt tidlegare.

Når søket er gjennomført, vert overskriftene på hjelpesidene viste i ei liste. Du kan anten dobbeltklikka på ei oppføring eller merkja ho og trykkja på Vis for å opna ei bestemt side i hjelpa.

Kryss av for Søk berre i overskrifter for å avgrensa søket til berre dokumentoverskrifter.

Kryss av for Berre heile ord for å utføra eit nøyaktig søk. Visss du har kryssa av for dette alternativet, vert ufullstendige ord ikkje funne. Ikkje kryss av her viss du vil at søkjeordet også kan vera ein del av eit lengre ord.

Du kan skriva inn kva kombinasjon av søkjeord som helst, med mellomrom mellom kvart ord. Søkjet skil ikkje mellom store og små bokstavar.

Tipsikon

Søk etter stikkord og søk i heile teksten gjeld alltid for det valde LibreOffice-programmet. Vel programmet du vil visa hjelpa for i listeboksen øvst til venstre i hjelpevindauget.