Hjelpevindauget i LibreOffice

Åtvaringsikon

Hjelpesystemet for alle programvareversjonane er basert på dei same kjeldefilene. Difor kan nokre av funksjonane som er omtalte i hjelpa mangla i denne versjonen av programmet, medan andre funksjonar som berre finst i ei bestemt utgåve av programmet ikkje er med i hjelp.


Hjelp-vindauget viser den valde hjelpesida.

Verktøylinja inneheld viktig informasjon for kontroll av hjelpsystemet.

Ikon

Viser eller gøymer navigasjonsfeltet.

Ikon

Går til førre side.

Ikon

Går til neste side

Ikon

Går til første side av dette hjelpemnet.

Ikon

Skriv ut denne sida.

Ikon

Legg sida til bokmerka dine.

Søkjeknapp

Opnar dialogvindauget Finn på denne sida.

Desse kommandoane finst også i sprettoppmenyen i hjelpedokumentet.

Hjelpeside

Du kan kopiera tekst frå hjelpa til utklippstavla ved hjelp av dei vanlege kommandoane i operativsystemet. For eksempel:

  1. Merk teksten du vil kopiera på hjelpesida.

  2. Trykk + C.

Slik søkjer du i den viste hjelpesida:

  1. Trykk på knappen Finn på denne sida.

    Dialogvindauget Finn på denne sida vert opna.

    Merknadsikon

    Du kan også klikka på hjelpsida og trykka + F.


  2. I skrivefeltet Søk etter skriv du inn kva du ønskjer å finna.

  3. Vel søkjeinnstillingane som skal brukast.

  4. Trykk på Søk.

    For å finna den neste førekomsten av søkjeordet, trykk Søk igjen.

Navigasjonspanelet

Navigasjonsfeltet i hjelpvindauget inneheld fanene Innhald, Indeks, Finn og Bokmerke.

Vel andre LibreOffice-hjelpemodular i lista øvst. Fanene Indeks og Finn inneheld berre data for den valde LibreOffice-modulen.

Innhald

Viser ein indeks med hovudemna i alle modulane.

Stikkord

Viser ei indeksliste med nøkkelord for den valde LibreOffice-modulen.

Søk

Let deg utføra eit søk i heile teksten. Søket vil ta med heile innhaldet i den valde LibreOffice-modulen.

Bokmerke

Inneheld sjølvvalde bokmerke. Du kan redigera eller sletta bokmerke eller trykkja på dei for å gå til sida det vert peika til.