Generelle snartastar i LibreOffice

Merknadsikon

Ein del av snartastane kan vera brukte av operativsystemet. Desse tastane vil i tilfelle ikkje vere tilgjengelege i LibreOffice. Du kan løyse dette problemet ved å velja andre snartastar, anten for LibreOffice ved hjelp av Verktøy → Tilpass → Tastatur eller i operativsystemet.


Slik bruker du snartastane

Du kan bruka snartastar for å få tilgang til mange av funksjonane i eit program. For eksempel vert snartasten vist ved sida av oppføringa Opna i menyen Fil. Dersom du vil bruka denne funksjonen ved hjelp av snartastane, kan du trykkja og halda nede og deretter trykka på «O». Når dialogvindauget kjem fram, kan du sleppa begge tastane.

Når du bruker programmet, kan du velja om du vil bruka datamusa eller tastaturet for å få tilgang til dei aller fleste operasjonane som er tilgjengelege.

Bruka snartastar i dialogvindauge

Det er alltid eitt element som er utheva i eit dialogvindauge - som oftast vist med ei broten ramme. Dette utheva elementet, som kan vera ein knapp, eit valfelt, ei oppføring i ein listeboks eller ein avkryssingsboks, har fokus. Viss det er ein knapp som har fokus, vil knappen verta aktivert viss du trykkjer Enter-tasten. Ei avkryssingsrute vert slått av og på ved å bruka mellomromstasten. Når eit valfelt har fokus, kan du flytta markeringa av den aktive oppføringa med piltastane. Du flyttar fokus til neste kontrollelement ved hjelp av tabulatortasten og til det førre elementet med Shift + Tab.

Dialogvindauget vert lukka viss du trykkjer Escape, men då vert ikkje endringar du har gjort lagra.

Snartastar for musehandlingar

Viss du bruker dra og slepp, ved å velja med musa eller ved å trykkja på objekt og namn, kan du bruka Shift, og i nokre tilfelle for å få tilgang til fleire funksjonar. Dei endra funksjonane som er tilgjengelege når du held tastar nede medan du bruker dra og slepp, vert viste ved at musepeikaren får ei anna form. Når du vel filer eller andre objekt, kan du bruka valtastane for å utvida området som er merkt. Desse funksjonane vert forklarte separat der det er relevant.

Praktiske tekstskrivefelt

  1. Du kan opna ein sprettoppmeny som inneheld dei mest brukte kommandoane.

  2. Bruk snartastane + Shift + S til å opna dialogvindauget Spesialteikn for å setja inn eitt eller fleire spesialteikn.

  3. Bruk + A for å markera heile teksten. Bruk pil høgre eller pil venstre for å fjerna valet.

  4. Dobbeltklikk på eit ord for å merkja det.

  5. Viss du trippelklikkar i eit skrivefelt for tekst, vert heile feltet merkt. Viss du trippelklikkar i eit tekstdokument, vert heile den gjeldande setninga merkt.

  6. Bruk + Delete for å sletta alt frå skrivemerket til slutten av ordet.

  7. Ved å bruka og Pil høgre eller Pil venstre, kan du flytta skrivemerket frå ord til ord. Viss du i tillegg held nede Shift-tasten, vert orda også markerte.

  8. INN vert brukt til å skifta frå innsetjingstilstand til overskrivingstilstand og tilbake igjen.

  9. Dra og slepp kan brukast innføre og utføre eit skrivefelt.

  10. Snartasten + Z vert brukt for å angra endringane. steg for steg. Teksten vil få tilbake tilstanden han hadde før den første endringa.

  1. LibreOffice har ein autofullføringsfunksjon som slår seg på i nokre tekst og listeboksar. For eksempel kan du skriva inn i URL-feltet og autofullføringsfunksjonen vil visa den første fila eller mappa som byrjar med bokstaven «a».

  2. Bruk pil ned for å bla gjennom dei andre mappene og filene. Trykk pil høgre for å visa ei undermappe i URL-feltet. Rask autofullføring er tilgjengeleg ved å trykka tasten End etter å ha skrive inn ein del av URL-en. Når dokumentet eller mappa du vil bruka er funne, trykk Enter-tasten.

Avbryte makroar

Viss du ønskjer å avslutta ein køyrande makro, trykk på + Shift + Q.

Liste over generelle snartastar i LibreOffice

Snartastane vert viste til høgre for namnet på oppføringa i menyen.

Snartastar for kontroll av dialogvindauge

Snartastar

Effekt

Enter-tasten

Slår på den fokuserte knappen i et dialogvindauge

Escape

Avbryt handlinga eller dialogvindauget. I hjelp for LibreOffice: Går opp eitt nivå.

Mellomromstasten

Slår av eller på avkryssingsboksen som har fokus i et dialogvindauge.

Piltastane

Endrar det aktive kontrollfeltet i valdelen i eit dialogvindauge.

Tabulator

Byter fokus til den neste delen eller det neste elementet i eit dialogvindauge.

Shift + Tab

Flytter fokuset til den førre delen eller det førre elementet i eit dialogvindauge.

+ Y

Opnar lista til kontrollfeltet som er vald i eit dialogvindauge. Desse snartastane gjeld ikkje berre kombinasjonsboksar, men også knappar som har sprettoppmenyar. Du kan lukke ei open liste ved å trykkja Escape.


Snartastar for kontroll av dokument og vindauge

Snartastar

Effekt

+ Y

Opnar eit dokument

+ Y

Lagra det gjeldande dokumentet

+ Y

Lagar eit nytt dokument

+ Y

Opnar dialogvindauget for Malar.

+ Y

Skriv ut dokumentet.

+ Y

Slår på verktøylinja Søk.

+ Y

Opnar dialogvindauget Søk og byt ut.

+ Y

Søkjer etter det siste søkjeordet som vart skrive inn.

+ Y

Set opp dokumentvisinga på nytt.

+ Y

Slår på/av visinga av markøren i skriveverna tekst.

I hjelp for LibreOffice: Går til hovudsida i hjelp.

Shift + F2

Slår på utvida tips for den valde kommandoen, knappen eller kontrollelementet.

F6

Set fokus i det neste undervindauget (for eksempel dokument/datakjeldevising)

Shift + F6

Set fokus i førre undervindauge.

F10

Aktiverer den første menyen (Fil-menyen)

Shift + F10

Opnar sprettoppmenyen.

+ F4 eller + F4

Lukker det gjeldande dokumentet (lukker LibreOffice når det siste opne dokumentet vert lukka)

+ Y

Avsluttar programmet


Snartastar for redigering eller formatering av dokument

Snartastar

Effekt

+ Y

Viss framføre ei overskrift, vert det sett inn ein tabulator.

Enter (viss eit OLE-objekt er vald)

Slår på det valde OLE-objektet.

Enter (viss eit teikneobekt eller eit tekstobjekt er vald)

Slår på tekstskrivingsmodus.

+ Y

Klipper ut dei merkte elementa.

+ Y

Kopierer dei merkte elementa.

+ Y

Limer inn frå utklippstavla.

+ Y

Limer inn uformatert tekst frå utklippstavla. Teksten vert limt inn ved å bruka formatet som finst frå før på innsetjingspunktet.

+ Y

Opnar dialogvindauget Lim inn utval.

+ Y

Merkar alt.

+ Y

Angrar siste handlinga.

+ Y

Gjer om den siste handlinga.

+ Y

Gjentar den førre kommandoen.

+ Y

Legg eigenskapen Kursiv på det valde området. Viss skrivemerket står i eit ord, vert kursiv brukt på heile ordet.

+ Y

Bruker halvfeit på det valde området. Viss skrivemerket står i eit ord, vert halvfeit brukt på heile ordet.

+ Y

Legg eigenskapen Understreking på det valde området. Viss skrivemerket står i eit ord, vert kursiv brukt på heile ordet.

Du kan endra alle hyperlenkjer i den valde teksten tilbake til normal tekst ved å velja Format → Standardformatering.


Snartastar i galleriet

Snartastar

Resultat

Tabulator

Flyttar mellom område.

Shift + Tab

Flytter mellom områd (bakover)


Snartastar i «Nytt tema» i Gallery:

Snartastar

Resultat

Pil opp

Flyttar utvalet ein plass opp.

Pil ned

Flyttar utvalet ein plass ned.

+ Y

Opnar dialogvindauget «Eigenskapar».

Shift + F10

Opnar ein sprettoppmeny.

+ Y

Oppdaterer det valde temaet.

+ Y

Opnar dialogvindauget Skriv inn tittel.

+ Y

Slettar det valde temaet.

Set inn

Set inn eit nytt tema


Snartastar i førehandsvisingsområdet i galleriet:

Snartastar

Resultat

Home

Gå til den første oppføringa.

End

Går til den siste oppføringa.

Pil venstre

Vel det neste elementet til venstre i galleriet.

Pil høgre

Vel det neste elementet til høgre i galleriet.

Pil opp

Vel det neste elementet over i galleriet.

Pil ned

Vel det neste elementet under i galleriet.

Page Up

Rullar éi side opp.

Page Down

Rullar éi side ned.

+ Y

Set inn det valde objektet som eit lenka objekt i det gjeldande dokumentet.

+ Y

Set inn ein kopi av det valde objektet i det gjeldande dokumentet.

+ Y

Opnar dialogvindauget Skriv inn tittel.

+ Y

Byter mellom temavising og objektvising.

Mellomromstasten

Byter mellom temavising og objektvising.

Enter

Byter mellom temavising og objektvising.

Gå bakover (berre i objektvising)

Byter tilbake til hovudoversikta.


Vel rader og kolonnar i ein databasetabell (som er opna med + Shift + F4)

Snartastar

Resultat

Mellomrom

Slår merking av rad på eller av, unntatt når rada er i redigeringsmodus.

+ Y

Slår på/av val av rad

Shift + Mellomrom

Vel den gjeldande kolonnen

+ Y

Flytter peikaren til den første rada

+ Y

Flyttar peikaren til den siste rada


Snartastar for teikneobjekt

Snartastar

Resultat

Vel verktøylinja med F6. Bruk pil ned og pil høgre for å velja den ønskte verktøylinjeknappen og trykk på + Enter

Set inn eit teikneobjekt.

+ Y

Markerer eit teikneobjekt.

Tabulator

Markerer det neste teikneobjektet.

Shift + Tab

Markerer det førre teikneobjektet.

+ Y

Markerer det første teikneobjektet.

+ Y

Markerer det siste teikneobjektet.

Escape

Avsluttar markering teikneobjekt.

Esc (i handtakvalmodus)

Avslutt handtaksvalmodus og gå tilbake til objektvalmodus.

Pil opp / pil ned / pil venstre / pil høgre

Flytt det valde punktet (fest til rutenettet er mellombels slått av, men sluttpunkta vert framleis feste til kvarandre).

+ Y

Flytter det valde teikneobjektet eitt biletpunkt (i utvalstilstand)

Endrar storleiken på eit teikneobjektet (i handtakstilstand)

Roterer eit teikneobjekt (i rotasjonstilstand)

Opnar dialogvindauget for eigenskapar for eit teikneobjekt.

Slår på punktvaltilstand for det valde teikneobjektet.

Mellomromstasten

Vel eit punkt i eit teikneobjekt (i punktvaltilstand) / avbryt markering.

Det markerte punktet blinkar ein gong i sekundet.

Shift + Mellomrom

Vel eit anna punkt i punktmerkingsmodus.

+ Y

Vel det neste punktet i teikneobjektet (i punktvalmodus)

I rotasjonsmodus kan også sentrum for rotasjonen veljast.

+ Y

Vel det førre punktet i teikneobjektet (i punktvalmodus)

+ Y

Set inn eit teikneobjekt med standardstorleik i midten av den gjeldande visinga.

+ Y

Aktiverer det første teikneobjektet i dokumentet.

Escape

Går ut av punktvaltilstand. Teikneobjektet vert vald etterpå.

Rediger eit punkt i eit teikneobjekt (i punktredigeringsmodus)

Kva tekst- eller taltast som helst

Byter til redigeringsmodus viss eit teikneobjekt er merkt. Markøren vert flytt til slutten av teksten i teikneobjektet og set der inn eit utskrivbart teikn.

+ Y

Posisjonen til midtpunktet av objektet er låst.

Shift-tasten ved oppretting eller skalering av eit grafisk objekt

Forholdet mellom høgd og breidd er fast i objektet.