Fleire kontrollelement

Verktøylinja «Fleire kontrollelement» vert opna når du trykkjer på symbolet for fleire kontrollelement i verktøylinjaKontrollelement for skjema.

Rulleknapp

Ikon

Lag ein rulleknapp.

I eit Calc-rekneark kan du laga ei tovegslenkje mellom ein rulleknapp og ei celle på fana «Data». Då vil det vera slik at rulleknappen endrar seg når du endrar innhaldet i cella, og omvendt.

Rullefelt

Ikon

Lag eit rullefelt.

Du kan tilpassa desse eigenskapane ved rullefelt:

Namn i grensesnittet

Semantikk

Minste rulleverdi

Vel den minste høgda eller breidda på eit rullefelt.

Høgste rulleverdi

Vel den største høgda eller breidda på eit rullefelt.

Standard rulleverdi

Vel standardverdien til eit rullefelt, til bruk ved nullstilling av skjemaet.

Retning

Vel retninga på eit rullefelt, altså vassrett eller loddrett.

Lita endring

Vel det minste stykket du kan flytta rullefeltet, for eksempel ved å trykkja på ei av pilene.

Stor endring

Vel kor langt rullefeltet skal flyttast ved store endringar for eksempel når du klikkar i feltet mellom bjelken på rullefeltet og ei av pilene.

Forseinking

Vel kor lang forseinking det skal vera mellom rullefelthendingar. Dette styrer for eksempel forseinkinga når du trykkjer og held nede ein pilknapp.

Symbolfarge

Vel fargen på pilene i rullefeltet.

Synleg storleik

Vel storleiken på bjelken på rullefeltet i «verdieiningar». For eksempel vil ein verdi på («Høgste rulleverdi» minus «Minste rulleverdi») / 2 gje ein bjelke som fyller halve rullefeltet.

Du kan gjera rullefeltet like breitt som det er høgt ved å velja null for synleg storleik.


I eit Calc-rekneark kan du laga ei tovegslenkje mellom eit rullefelt og ei celle på fana «Data».

Biletknapp

Ikon

Lager ein knapp som vert vist som eit bilete. Bortsett frå sjølve biletet, har ein biletknapp dei same eigenskapane som ein vanleg knapp.

Biletfelt

Ikon

Lag eit biletfelt. Kontrollelementet kan berre brukast til å leggja til bilete frå ein database. Dobbeltklikk på eit av kontrollelementa i skjemadokumentet for å opna dialogvindauget Set inn bilete. Det finst òg ein sprettoppmeny (ikkje i teiknemodus) med kommandoar for å setja inn og sletta bilete.

Bilete frå ein database kan visast i skjema og nye bilete kan setjast inn i databasen så lenge biletfeltet ikkje er skrivesperra. Kontrollelementet må visa til eit databasefelt av bilettypen. Dette kan du velja på fana Data i eigenskapane.

Datofelt

Ikon

Lag eit datofelt. Dersom skjemaet er knytt til ein database kan verdiane hentast der.

Viss du vel eigenskapen «Rullegardin» for eit datofelt, kan brukaren velja dato frå ein kalender som opnar seg nedføre datofeltet. Dette gjeld også for datofelt inne i eit tabellkontrollfelt.

Tipsikon

Det er lett å velja dato med opp- og ned-piltastane. Alt etter kvar skrivemerket står, kan dato, månad eller år endrast med piltastane.


Spesielle merknadar om datofelt.

Klokkeslettfelt

Ikon

Lag eit klokkeslettfelt. Dersom skjemaet er knytt til ein database, kan verdiane til feltet hentast der.

Tipsikon

Det er lett å velja klokkeslett med opp- og ned-piltastane. Alt etter kvar skrivemerket står, kan time, minutt eller sekund endrast med piltastane.


Filval

Ikon

Lagar ein knapp for filval.

Talfelt

Ikon

Lag eit talfelt. Dersom skjemaet er knytt til ein database, kan talverdiane til feltet hentast der.

Valutafelt

Ikon

Lag eit valutafelt. Dersom skjemaet er knytt til ein database, kan innhaldet til valutafeltet hentast der.

Mønsterfelt

Ikon

Lag eit mønsterfelt. Mønsterfelt er sett saman av ei redigeringsmaske og ei teiknmaske. Redigeringsmaska avgjer kva data som kan skrivast inn. Teiknmaska avgjer innhaldet i mønsterfeltet når skjemaet vert lasta.

Merknadsikon

Legg merkje til at mønsterfelt ikkje vert eksporterte til HTML-formatet.


Gruppeboks

Ikon

Lagar ei ramme for å gruppera fleire kontrollelement. Grupperingsrammer let deg gruppera valknappar i ei ramme.

Dersom du set inn ei grupperamme i dokumentet, startar Vegvisaren for gruppeelement. Der kan du enkelt laga ei valgruppe.

Merk: Når du drar ein gruppeboks over kontrollelement som finst frå før, og så vil velja eit kontrollelement, må du først opna oppsettsmenyen til gruppeboksen og velja Still opp → Flytt bakarst. Deretter vel du kontrollelementet medan du held nede .

Merknadsikon

Gruppeboksar er berre til pynt. Du kan gruppera valfelt funksjonelt saman ved å bruka same namn på dei i eigenskapen Namn.


Tabellelement

Ikon

Lagar eit tabellelement som viser ein databasetabell. Dersom du lagar eit nytt tabellelement, opnar Vegvisaren for tabellelement seg.

Spesielle merknadar om tabellelement.

Navigasjonslinje

Ikon

Lag ei navigasjonslinje.

Med ei navigasjonslinje kan du gå fram og tilbake mellom postar i ein database eller eit databaseskjema. Knappane på denne navigasjonslinja verkar på same måte som knappane på den vanlege navigasjonslinja i LibreOffice.