Skjer av

Gjer at du kan beskjera visinga av eit bilete som er sett inn. Det er berre visinga som vert klipt. Det vert ikkje gjort endringar i sjølve biletet som er sett inn. Beskjeringsfunksjonen er berre slått på når eit bilete er merkt.

I Impress og Draw kjem det ikkje opp noko dialogvindauge når du klikkar på knappen, men du kan sjå åtte beskjeringshandtak rundt biletet. Opna sprettoppvindauget (høgreklikk) for det aktuelle biletet og vel Beskjer biletet viss du i staden ønskjer å bruka dialogvindauget for skjeringa.

Dra i eitt av dei åtte beskjeringshandtaka for å beskjere biletet.

Ikon

Skjer av

Skjer til

Bruk dette området for å skjera til eller skalera det valde biletet, eller for å leggja til luft rundt biletet.

Same skala

Held på det opphavlege høvet mellom høgd og breidd i biletet når du skjer det til, slik at berre storleiken vert endra.

Same biletstorleik

Held på den opphavlege storleiken på biletet når du skjer det til, slik at det vert skalert. For å skalera ned biletet, vel du dette alternativet og skriv inn ein negativ verdi i skjeringsboksane. For å skalera opp, skriv du inn positive verdiar i skjeringsboksane.

Venstre

Viss Same skala er valt, skriv inn ein positiv verdi for å klippa vekk litt av den venstre kanten av biletet. Skriv inn ein negativ verdi for å leggja til eit kvitt felt til venstre for biletet. Viss Hald på storleiken er valt, skriv inn ein positiv verdi for å skalera opp biletet vassrett. Skriv inn ein negativ verdi for å skalera ned.

Høgre

Viss Same skala er valt, skriv inn ein positiv verdi for å klippa vekk litt av den høgre kanten av biletet. Skriv inn ein negativ verdi for å leggja til eit kvitt felt til høgre for biletet. Viss Hald på storleiken er valt, skriv inn ein positiv verdi for å skalera opp biletet vassrett. Skriv inn ein negativ verdi for å skalera ned.

Topp

Viss valet Same forhold er valt, skriv inn ein positiv verdi for å klippa vekk litt av den øvre delen av biletet. Skriv inn ein negativ verdi for å leggja til eit kvitt felt over biletet. Viss Hald på storleiken er valt, skriv inn ein positiv verdi for å skalera opp biletet loddrett. Skriv inn ein negativ verdi for å skalera ned.

Botn

Dersom Same forhold er valt, skriv du inn ein positiv verdi for å klippa bort nedste del av biletet eller ein negativ for å leggja til kvitt tomrom. Dersom Hald på storleiken er valt, skriv du inn ein positiv verdi for å auka den vertikale skaleringa av biletet, eller ein negativ for å minka.

Skalering

Skalerer det valde biletet.

Breidd

Vel breidda på biletet i prosent.

Høgd

Vel høgda på biletet i prosent.

Biletstorleik

Endrar storleiken på det valde biletet.

Breidd

Vel kor breidt det valde biletet skal vera.

Høgd

Vel kor høgt det valde biletet skal vera.

Førehandsvis felt

Førehandsvis utvalet.

Opphavleg storleik

Stiller storleiken på grafikken tilbake til den opphavlege storleiken.