Merkingsmodus

Her kan du byte mellom ulike markeringsmodus.

Når du klikkar i eit felt, kjem det opp ein meny med dei tilgjengelege vala:

Modus

Effekt

Standardmerking

Dette er standard markeringsmodus for tekstdokument. Du kan markere utval frå tastaturet ved hjelp av navigeringstastane (Piler, Home, End, PageUp, PageDown). Med datamusa klikkar du der markeringa skal byrja, held nede den venstyre museknappen og flytter markøren til slutten av markeringa. Slepp opp museknappen når du er ferdig.

Utvid markering (F8)

Du kan utvida eller krympa det gjeldande utvalet ved å bruka piltastane eller tastane Home og End. Trykkjer du inne i teksten vert teksten mellom den gjeldande markørplasseringa og der du trykkjer merkt.

Tilføyingsmerking (Shift + F8)

Ny merking vert lagd til det som er merkt frå før. Slik kan du merkja fleire område.

Blokkmarkering ( + Shift + 8)

Ei tekstblokk kan merkast.