Innsetjingsmodus
Viser den gjeldande innsetjingsmodusen. Du kan veksla mellom «INN» (sett inn) og «OVER» (skriv over). Dette feltet er berre tilgjengeleg når markøren er i skrivefeltet på formellinja eller i ei celle.
Klikk i feltet for å skifta modus (gjeld ikkje i LibreOffice Basic IDE, der berre innsetjingsmodus er aktiv). Viss markøren står i eit tekstdokument, kan du også skifta modus med Insert-tasten (viss denne finst på tastaturet du bruker).
Modus |
Resultat |
INN |
I innsetjingsmodus, vert ny tekst sett inn ved skrivemerket, slik at teksten som kjem etter vert flytt til høgre. Skrivemerket ser ut som ein loddrett strek. |
OVER |
I overskrivingsmodus vert den teksten som står der frå bør bytt ut med ny tekst. Skrivemerket ser ut som ein tjukk loddrett strek. |