Legg til tabellar

I dialogvindauget Legg til tabell kan du velja tabellane du treng til oppgåva. Når du lagar ei spørjing eller ein ny tabellpresentasjon, vel du tabellen spørjinga eller tabellpresentasjonen skal visa til.Når du arbeider med relasjonelle databasar, vel du tabellane du vil danna relasjonar mellom.

Dei innsette tabellane vert viste i eit eige vindauge i spørjingsutforminga eller relasjonsvindauga, saman med ei liste over felta i tabellen. Du kan velja storleiken og rekkjefølgja på dette vindauget.

For å bruka denne funksjonen …

Trykk på knappen «Tabellar» i eit databasefilvindauge. Vel så Set inn → Tabellutforming eller Rediger → Rediger


Tabell

Tabellnamn

Listar opp dei tilgjengelege tabellane. Du set inn ein tabell ved å velja ein frå lista og trykkja Legg til. Du kan òg dobbeltklikka på tabellnamnet. Då opnar det seg eit vindauge som inneheld tabellfelta øvst i spørjingsutforminga eller relasjonsvindauget.

Legg til

Set inn den valde tabellen.

Lukk

Lukk dialogvindauget Legg til tabellar.