Setja innrykk, margar og spalter
Du kan setja innrykk og margar for dette avsnittet eller alle valde avsnitt med musa.
Dersom du deler sida inn i spalter eller dersom skrivemerket står i ei tekstramme med fleire spalter, kan du endra spaltebreidda og mellomrommet mellom spaltene ved å dra dei med musa på linjalen.
Når eit objekt, eit bilete eller eit teikneobjekt er valt, ser du kantane på objektet i linjalen. Du kan endra på kantane ved å dra dei på linjalen med musa.
Dersom skrivemerket står i ei tabellcelle, kan du endra innrykket til innhaldet i cella ved å dra det med musa på linjalen. Du kan endra på grenselinjene til tabellen på linjalen eller ved å dra i sjølve grenselinja.
Desse ikona viser venstreinnrykket til den første linja i det valde avsnittet (øvste trekanten) og venstreinnrykket til dei andre linjene i avsnittet (nedste trekanten).
Dette ikonet til høgre på linjalen viser høgreinnrykket til det valde avsnittet.
Oppgåve |
Framgongsmåte |
Set venstreinnrykk |
Dra det nedre venstre merket til høgre medan du held museknappen nede. |
Set venstreinnrykket til den første linja |
Dra det øvre venstre merket til høgre medan du held museknappen nede. |
Set høgreinnrykk |
Dra merket til høgre mot venstre medan du held museknappen nede. |
For å endra venstreinnrykket som byrjar med den andre linja i avsnittet, hald nede CmdCtrl-tasten og klikk på trekanten nede til høgre og dra han mot høgre.
Tabulatorar som er sette vert ikkje endra når du rykkjer inn eit avsnitt. Dersom tabulatorane hamnar utanfor margane til avsnittet, vert dei ikkje lenger viste, men dei finst likevel.