Finn post

I skjema og databasetabellar kan du leita gjennom datafelt, listeboksar og avkryssingsboksar for særskilde verdiar.

For å bruka denne funksjonen …

Knappen Søk etter post på verktøylinjene for tabelldata og skjemautforming

Ikon

Søk etter post


Når du søkjer i ein tabell, vert datafelta i den opne tabellen gjennomsøkte. Når du søkjer i eit skjema, er det datafelta i den tabellen som er knytt til skjemaet som vert gjennomsøkte.

Tipsikon

Søkjet som er skildra her vert utført av LibreOffice. Dersom du heller vil søkja i ein database med SQL-tenaren, kan du bruka knappen Skjemabaserte filterSkjemalinja.


Søkjefunksjonen kan òg brukast med tabellfelt. Når søkjefunksjonen vert brukt frå eit tabellfelt, kan du søkja i dei kolonnane i tabellen som svarar til databasekolonnane i den tilknytte databasetabellen.

Søk etter

Vel type søk.

Tekst:

Skriv inn ein søkjetekst i kombinasjonsboksen eller vel ein frå lista. Teksten under skrivemerket er alt kopiert inn i kombinasjonsboksen Tekst. Merk at tabulator og linjeskift kan ikkje brukast medan det vert køyrt eit søk i eit skjema.

Søkjeorda vert lagra så lenge tabellen eller skjemadokumentet er ope. Dersom du køyrer fleire enn eitt søk og vil søkja etter det same på nytt, kan du velja eit tidlegare utført søk frå kombinasjonsboksen.

Feltinnhald er NULL

Dette gjer at felt som ikkje inneheld data vert funne.

Feltinnhald er ikkje NULL

Dette gjer at felt som inneheld data vil verta funne.

Søkjeområde

Vel felt for søket.

Skjema

Vel den logiske forma du vil at søket skal ha.

Merknadsikon

Kombinasjonsboksen Skjema er berre synleg dersom dokumentet er eit skjemadokument med fleire enn eitt logisk skjema. Han vert ikkje vist ved søk i tabellar eller spørjingar.


Skjemadokument kan innehalda fleire logiske skjema. Desse er sjølvstendige skjemakomponentar, og kvar enkelt er knytt saman med ein tabell.

Kombinasjonsboksen Skjema inneheld namna på alle logiske skjema som det finst kontrollelement for.

Alle felt

Søk gjennom alle felta. Om du søkjer i ein tabell, vert alle felta leitte gjennom. Om du søkjer i eit skjema, vert alle felt i det logiske skjemaet (skrivne inn under Skjema) leitte gjennom. Om du søkjer i eit kontrollfelt, vert alle kolonnar som er knytte til eit gyldig databasefelt leitte gjennom.

Legg merkje til at felta i det gjeldande logiske skjemaet ikkje treng vera identiske med felta i skjemadokumentet. Dersom skjemadokumentet inneheld felt som peikar til fleire datakjelder (altså finst det fleire logiske skjema), vil alternativet Alle felt berre søkja etter dei felta som er knytte til datakjelder i skjemadokumentet.

Eitt felt

Søkjer gjennom eit spesifikt datafelt.

Innstillingar

Vel innstillingar som styrer søket.

Plassering

Gjev forholdet mellom søkjeteksten og innhaldet i felta. Desse alternativa finst:

kvar som helst i feltet

Returnerer dei felta som inneheld søkjemønsteret kvar som helst i feltet.

først i feltet

Returnerer dei felta som inneheld søkjemønsteret først i feltet.

sist i feltet

Returnerer dei felta som inneheld søkjemønsteret sist i feltet.

i heile feltet

Returnerer dei felta der søkjemønsteret er heilt likt innhaldet i feltet.


Merknadsikon

Dersom det er kryssa av for Uttrykk med jokerteikn, er ikkje denne funksjonen tilgjengeleg.


Bruk feltformat

Vel at alle feltformata vert medrekna ved søkjing i dokumentet. Feltformat er alle synlege format som vert oppretta ved hjelp av desse alternativa:

  1. i tabellutformingsmodus for felteigenskapar,

  2. på kolonneformatering i datakjeldevisinga,

  3. på kontrolleigenskapar i skjema.

Dersom det er kryssa av for Bruk feltformat, er vert det søkt i datakjeldevisinga til tabellen eller skjemaet med den formateringa som er valt her. Dersom det ikkje er kryssa av, vert det søkt med den formateringa som er lagra i databasen.

Eksempel:

Du har eit datofelt som er lagra i formatet «DD.MM.ÅÅ» i databasen (for eksempel 17.02.65). Formatet til oppføringa vert i datakjeldevisinga endra til «DD. MMM ÅÅÅÅ» (17. feb. 1965). I dette eksemplet vert ein post som inneheld 17. februar berre funne når Bruk feltformat er på:

Bruk feltformat

Søkjemønster

«feb» vert returnert, men ikkje «2».

av

«2» vert returnert, men ikkje «feb».


Det er oftast lurt å søkja med feltformatering.

Desse eksempla viser kva som kan skje når du søkjer utan feltformatering. Resultata er avhengige av kva database som er brukt og oppstår berre ved visse typar intern standardformatering:

Søkjeresultat

Årsak

«5» returnerer «14:00:00» som klokkeslett

dBase-databaser har ikkje klokkeslettfelt, så dese må simulerast. Verdien 5 må brukast for at klokkeslettet «14:00:00» skal kunna visast internt.

«00:00:00» returnerer alle postane i eit standard datofelt

Databasen lagrar ein datoverdi internt ved å bruka eit kombinert felt for dato og klokkeslett.

«45,79» returnerer ikkje «45,79» sjølv om heile feltet er vald under Posisjon.

Denne visinga viser ikkje ikkje det som er lagra internt. Viss for eksempel 45,789 er lagra i databasen som eit felt av typen tal/dobbel, og formateringa er sett opp til å visa berre to desimalar, vert berre «45,79» returnert i søk med feltformatering.


I dette tilfellet er standardformatering den formateringa som viser til data som er lagra internt. Informasjonen er ikkje alltid synleg for brukaren, særleg når han vert brukt til å simulere datatypar (for eksempel klokkeslett i dBase-databasar). Dette er avhengig av den brukte databasen og dei enkelte datatypane. Søk med feltformatering passar best viss du berre vil finna det som faktisk vert vist. Det gjeld felt som for eksempel dato, klokkeslett, dato/klokkeslett og tal/dobbel.

Søk utan Bruk feltformat kan likevel passa til større databasar utan formateringsproblem, for slike søk går fortare.

Viss du søkjer i avkryssingsboksar med Bruk feltformat, får du «1» for avkryssa boksar, «0» for ikkje avkryssa boksar og ein tom streng for tre-tilstandsboksar som ikkje er valde. Dersom søket er utført utan Bruk feltformat, får du språkavhengige verdiar som «SANN» eller «USANN».

Dersom du søkjer i listeboksar med Bruk feltformat, finn du teksten som er vist i listeboksane. Dersom du ikkje vel Bruk feltformat, finn du innhaldet som svarar til standardfeltformatet.

Skil store og små bokstavar

Vel om søkjet skal skilja mellom små og store bokstavar.

Søk bakover

Vel at søkjeprosessen skal køyra i motsett retning, frå den siste til den første posten.

Ovanfrå / nedanfrå

Startar søket på nytt. Eit søk framover startar ved første post i tabellen. Ved søk bakover startar søket ved siste post.

Uttrykk med jokerteikn

Du kan bruka desse jokerteikna:

Jokerteikn

Tyding

Eksempel

?

for nøyaktig eitt vilkårleg teikn

«?iskett» returnerer «diskett»

«M?ller» returnerer for eksempel Møller og Müller

*

for 0 eller fleire vilkårlege teikn

«*-*» returnerer «ZIP-stasjon» og «CD-ROM»

«M*er» returnerer alle oppføringar som byrjar med «M» og sluttar med «er» (for eksempel Møller, Møter og Moster)


Viss du vil søkja etter teikna «?» og «*», må du setja ein bakoverstrek framføre dei slik: «\?» og «\*». Dette er berre nødvendig når Uttrykk med jokerteikn er slått på. Når dette valet er slått av, vert jokerteikna handterte som andre teikn.

Regulært uttrykk

Søkjer med regulære uttrykk. dei regulære uttrykka som vert støtta her, vert òg støtta i dialogvindauget LibreOfficeSøk og byt ut.

Med regulære uttrykk kan du søkja på fleire måtar enn med jokerteikn. Dersom du vel å bruka regulære uttrykk, kan du her sjå kva for teikn som svarar til jokerteikna:

Søk med jokerteikn

Søk med regulære uttrykk

?

.

*

.*


Likskapssøk

Kryss av for å søkja etter uttrykk som liknar på Søk etter-teksten. Kryss av her og trykk på Liknande-knappen for å tilpassa likskapssøket.

Ta vare på teiknbreidd (berre viss asiatiske språk er brukt)

Skil mellom teikn med halv og heil breidd.

Høyrest ut som (japansk) (berre viss asiatiske språk brukt)

Let deg velja søkjeinnstillingar for liknande skriftsystem på japansk. Kryss av her og trykk Lyd-knappen for å velja søkjeinnstillingar.

Vel søkjealternativ for liknande notasjon brukt i japansk tekst.

Handsama som likeverdige

Angjev dei vala som skal handterast som like i eit søk.

Ignorer

Angjev kva teikn som skal ignorerast.

Tilstand

Tilstandslinja viser dei postane som søket returnerer. Dersom søket går til slutten (eller starten) av ein tabell, held søket automatisk fram frå den andre enden.

I svært store databasar kan det ta ein del tid å finna postar ved søk bakover. I dette tilfellet vil statuslinja visa deg at postane er i ferd med å teljast.

Søk / avbryt

Om søket er vellukka, vert feltet med funnet utheva. Du kan halda fram søket ved å trykkja på Søk-knappen att. Du avbryt søkinga ved å trykkja Avbryt.

Lukk

Lukk dialogboksen. Innstillingane for den siste søkjeprosessen vert lagra heilt til du avsluttar LibreOffice.

Dersom fleire tabellar eller skjema er opne, kan du velja ulike søkjealternativ for kvart dokument. Når du lukkar dokumenta, er det berre alternativa til det sist lukka dokumentet som vert lagra.