Felt
I dialogvindauget Set inn databasekolonne vel du Felt. Desse databasefelta fungerer som jokerteikn for dei ulike databasekolonnane og kan brukast til fletta brev. Trykk på knappen Data til felt for å tilpassa feltinnhaldet til den valde posten.
Viss fleire postar er valde når du bruker funksjonen Data til tekst, vert brevflettingsfelta sett inn etter kor mange postar som finst. I tillegg vert ein feltkommando som for eksempel «Neste post» sett inn automatisk mellom dei enkelte feltkommandoblokkene.
I dialogvindauget Set inn databasekolonnar kan du velja kva for databasefelt som skal setjast inn i dokumentet og korleis avsnitta skal formaterast.
Felt
I Felt-området kan du bruka piltastane til å velja kva for databasetabellkolonne du vil setja feltinnhaldet inn i.
Databasekolonnar
Listar opp alle kolonnane i databasetabellen som kan setjast inn i dokumentet. Vel kva databasekolonne du vil setja inn i dokumentet.
>
Flytter felta som du valde i listeboksen med databasekolonnar inn i feltet med vala. Du kan òg dobbeltklikka på ei oppføring for å velja ho.
Vel
Listar opp databasekolonnane du valde å setja inn i dokumentet. Du kan òg skriva tekst her. Denne teksten vert òg sett inn i dokumentet. Rekkjefølgja på oppføringane i utvalsfeltet samsvarar med datarekjefølgja i dokumentet.
Avsnittsstil
Avsnitt som du set inn, vert som standard formaterte med dei gjeldande avsnittsstilane. Dette formatet svarar til «ingen» i lista Avsnittsstil. Her kan du velja andre avsnittsstilar som skal brukast på avsnittet du vil setja inn i dokumentet. Lista viser dei tilgjengelege avsnittsstilane som er valde i LibreOffice og som vert handterte i stilkatalogen.