Dokument

Hyperlenkjer til dokument eller til mål i dokument kan redigerast på fana dokument i dialogvindauget for hyperlenkjer.

For å bruka denne funksjonen …

Trykk på Hyperlenkje på verktøylinja Standard og vel Dokument


Dokument

Sti

Skriv inn nettadressa til fila du vil opna når du vel hyperlenkja. Viss du ikkje vel ei målramme, vert fila opna i det gjeldande dokumentet eller den gjeldande ramma.

Opna fil

Opnar dialogvindauget Opna der du kan velja ei fil.

Mål i dokumentet

Mål

Bestemmer eit mål for hyperlenkja i dokumentet oppgjeve i Sti.

Mål i dokumentet

Opnar dialogvindauget Mål i dokumentet.

URL

Set saman adressa (URL) med data frå oppføringane i Sti og Mål.

Fleire innstillingar

Ramme

Skriv inn namnet på ramma du vil at fila som lenkja viser til skal opnast i, eller vel ei ramme frå lista. Om du ikkje skriv inn noko her, vert fila opna i dette vindauget i nettlesaren.

Skjema

Bestemmer om hyperlenkja skal setjast inn som ein tekst eller ein knapp,

Hendingar

Opnar dialogvindauget Tildel makro, der du kan tilordna programkodar til hendingar som for eksempel «mus over objekt» eller «følj hyperlenkje».

Tekst

Bestemmer den synlege teksten på ein knapp for ei hyperlenkje.

Namn

Skriv inn eit namn på hyperlenkja. LibreOffice set inn ein NAME-tagg i hyperlenkja.