E-post

På sida Post i dialogvindauget for hyperlenkjer kan du redigera hyperlenkjer til e-postadresser.

For å bruka denne funksjonen …

Trykk på Hyperlenkje på verktøylinja Standard og vel E-post


Post

Mottakar

Bruk denne e-postadressa i lenkja. Når du trykkjer på hyperlenkja i dokumentet, opnar det seg ei ny e-postmelding, adressert til mottakaren i mottakar-feltet.

Datakjelder

Gøym eller vis data frå datakjeldelesaren. Dra mottakaren sitt datafelt e-mail frå datakjeldelesaren til tekstfeltet Mottakar.

Emne

Spesifiserer eit emne som skal setjast inn i emnelinja i den nye meldinga.

Fleire innstillingar

Ramme

Skriv inn namnet på ramma du vil at fila som lenkja viser til skal opnast i, eller vel ei ramme frå lista. Om du ikkje skriv inn noko her, vert fila opna i dette vindauget i nettlesaren.

Skjema

Bestemmer om hyperlenkja skal setjast inn som ein tekst eller ein knapp,

Hendingar

Opnar dialogvindauget Tildel makro, der du kan tilordna programkodar til hendingar som for eksempel «mus over objekt» eller «følj hyperlenkje».

Tekst

Bestemmer den synlege teksten på ein knapp for ei hyperlenkje.

Namn

Skriv inn eit namn på hyperlenkja. LibreOffice set inn ein NAME-tagg i hyperlenkja.