Internett

Bruk Internett-sida i dialogvindauget for hyperlenkjer til å redigera hyperlenkjer med vev- eller FTP-adresser.

For å bruka denne funksjonen …

Trykk på Hyperlenkje på verktøylinja Standard og vel Internett

Vel Set inn → Hyperlenkje


Felta for brukarnamn, passord og anonym brukar gjeld berre for FTP-adresser.

Type hyperlenkje

Vev

Lagar ei http-hyperlenkje.

FTP

Lagar ei FTP-hyperlenkje.

Nettadresse

Skriv inn nettadressa til fila du vil opna når du vel hyperlenkja. Viss du ikkje vel ei målramme, vert fila opna i det gjeldande dokumentet eller den gjeldande ramma.

Brukarnamn

Gjev innloggingsnamnet ditt dersom du arbeider med FTP-adresser.

Passord

Gjev passordet ditt dersom du arbeider med FTP-adresser.

Anonym brukar

Gjer at du kan logga inn på FTP-adressa som anonym brukar.

Fleire innstillingar

Ramme

Skriv inn namnet på ramma du vil at fila som lenkja viser til skal opnast i, eller vel ei ramme frå lista. Om du ikkje skriv inn noko her, vert fila opna i dette vindauget i nettlesaren.

Skjema

Bestemmer om hyperlenkja skal setjast inn som ein tekst eller ein knapp,

Hendingar

Opnar dialogvindauget Tildel makro, der du kan tilordna programkodar til hendingar som for eksempel «mus over objekt» eller «følj hyperlenkje».

Tekst

Bestemmer den synlege teksten på ein knapp for ei hyperlenkje.

Namn

Skriv inn eit namn på hyperlenkja. LibreOffice set inn ein NAME-tagg i hyperlenkja.