Kantlinjer
Trykk på knappen Kantlinjer for å opna verktøylinja for kantlinjer. Der kan du endra kantlinjene til eit ark eller objekt.
Dette objektet kan vera kantlinja på ei tekstramme, eit bilete eller ein tabell. Knappen er berre synleg når eit bilete, ein tabell eller ei ramme er valt.
Du kan velja ei bestemt kantlinje for éi celle ved å setja markøren i cella, opna verktøylinja Kantlinje og velja ei kantlinje.Når du set inn bilete eller tabellar, har dei alt ei kantlinje. Du kan fjerna denne linja ved å merkja biletet eller hele tabellen og trykkja på «inga kantlinje» på verktøylinja Kantlinje.
Kantlinjer
Du finn meir informasjon under Kantlinjer i hjelpa. Du kan òg lesa om korleis du formaterer ein teksttabell med knappen Kantlinjer.