Skriftnamn

Vel eit skriftnamn frå lista eller skriv inn namnet på ei skrift direkte.

Du kan skriva inn fleire skrifttypar, skilde med semikolon. Dersom den første skrifttypen ikkje finst, prøver LibreOffice dei neste skrifttypane i rekkjefølgje.

Skriftendringar gjeld for den merkte teksten eller ordet der skrivemerket står. Dersom ingen tekst er merkt, gjeld skrifta for tekst som vert skriven inn etterpå.

De siste fem skriftnamna som har vore brukte vert viste øvst i kombinasjonsboksen.

Ikon

Skriftnamn

Merknadsikon

I LibreOffice er dei tilgjengelege skrifttypane berre synlege når ein skrivar er installert som standardskrivar. Korleis ein skrivar skal installerast som standardskrivar er avhengig av operativsystemet.


Du kan sjå namnet på skriftene formatert i skrifta sjølv dersom du vel Førehandsvising i skriftlister i Verktøy → Innstillingar → LibreOffice → Vis.