Opna i utformingsmodus

Opna skjema i utformingsmodus slik at det kan redigerast.

I utformingsmodus kan du ikkje bruka kontrollelementa i skjemaet eller redigera datapostane. Her kan du endra på plasseringa og storleiken til kontrollelementa, tilpassa andre eigenskapar og leggja til eller fjerna kontrollelement.

For å bruka denne funksjonen …

Opna skjemastrukturen, vel eit skjema og deretter Opna i utformingsmodus frå sprettoppmenyen

Opna verktøylinja for skjemautforming og trykk

Ikon

Opna i utformingsmodus


Når du er ferdig med å redigera skjemaet, høgreklikkar du på «Skjema» i skjemastrukturen og fjernar krysset ved Opna i utformingsmodus. Lagra skjemaet når du er ferdig.

Merknadsikon

Dersom skjemadokumentet er skriveverna, kan ikkje Opna i utformingsmodus brukast.