Vegvisar for kombinasjonsboks/listeboks: Tabellval

Vel ein tabell frå dei tilgjengelege databasetabellane som inneheld det datafeltet som skal visast i lista.

For å bruka denne funksjonen …

Opna verktøylinja Kontrollelement for skjema, trykk på knappen Kombinasjonsboks eller Listeboks. Dra med musa for å laga eit felt. Skjemaet må vera kopla til ein database: Vegvisaren side 1.


For listeboksar er ein tabell som kan lenkjast til skjematabellen vist. Lenkjetabellen må minst ha eitt felt felles med tabellen i skjemaet. Dette gjer det mogleg å laga ein eintydig referanse.

For kombinasjonsboksar må det finnast eit forhold mellom skjematabellen og tabellen som inneheld dataa som skal visast i kombinasjonsboksen.

Tabell

I Tabellfeltet vel du tabellen som inneheld det datafeltet som skal visast i kontrollfeltet.

Denne tabellen vert vist i Kontrolleigenskapane som eit element i eit SQL-uttrykk i feltet Listeinnhald.