Hendingar

På fana Hendingar kan du tilordna makroar til visse hendingar som kan skje i skjema.

For å bruka denne funksjonen …

Opna sprettoppmenyen til eit valt skjemaelement og vel fana Skjema → Hendingar

Opna ei av verktøylinjene «Kontrollelement for skjema» eller «Skjemautforming», trykk på Skjema og vel fana Hendingar


For å knyta ei hending til ein makro, må du først skriva ein makro som inneheld alle dei kommandoane som skal utførast når hendinga skjer. Så tilordnar du denne makroen til hendinga ved å trykkja på ved sida av hendinga. Dialogvindauget Tilordna makro opnar seg og du kan velja makroen.

Desse handlingane kan setjast opp kvar for seg, slik at du kan knyta dine eigne dialogvindauge til handlingar:

  1. Visa ei feilmelding,

  1. Stadfesta ein sletteprosess (for datapostar),

  1. Spørjingsparametrar,

  1. Kontrollera inndata ved lagring av ein datapost.

Du kan eksempelvis be om ei stadfesting som viser spørsmålet «Vil du verkeleg sletta kunden xyz» når du ber om å sletta ein datapost.

Merknadsikon

Hendingane som vert viste i dialogvindauget «Hendingar» kan ikkje endrast direkte. Du kan sletta ei hending frå lista ved å trykkja på Delete-tasten.


Denne lista viser alle hendingane i eit skjema som kan knytast til makroar:

Det oppstod ein feil

Hendinga Feil oppstod vert aktivert om det oppstår ein feil ved tilgang til datakjelda. Dette gjeld skjema, listeboksar og kombinasjonsboksar.

Etter postendring

Hendinga Etter endring av post finn stad rett etter at den gjeldande post-peikaren er endra.

Etter posthandling

Hendinga etter posthandling finn stad rett etter at posten er endra.

Fyllparametrar

Hendinga Fyll parameterar finn stad dersom skjemaet som skal lastast inn har parameter som må fyllast ut. For eksempel kan datakjelda i skjemaet innehalda denne SQL-kommandoen:

SELECT * FROM adresse WHERE namn=:namn

Her er :namn ein parameter som må fyllast ut ved innlasting. Parameteren vert automatisk fylt ut frå foreldreskjemaet dersom det er mogleg. Dersom parameteren ikkje kan fyllast ut, vert denne hendinga kalla, slik at ein makro kan fylla ut parameteren.

Før lasting på nytt

Hendinga Før lasting på nytt finn stad før skjemaet vert lasta inn på nytt. Datainnhaldet er ikkje oppdatert enno.

Før oppdatering

Hendinga «Før oppdatering» vert utført før innhaldet i kontrollelementet som er endra av brukaren vert skrive til datakjelda. Den lenka makroen kan mellom anna hindra handlinga ved å returnera «USANN».

Etter oppdatering

Denne hendinga finn stad når endringane som brukaren har gjort på innhaldet i kontrollen er lagra i datakjelda.

Før nullstilling

Hendinga Før tilbakestilling skjer før eit skjema vert tilbakestilt. Den lenkja makroen kan for eksempel hindra at skjemaet vert tilbakestilt ved å returnera «USANN».

Eit skjema vert nullstilt dersom eitt av desse vilkåra er oppfylt:

  1. Brukaren trykkjer ein knapp (HTML) som er vald til å vera nullstillingsknapp.

  2. Ein ny og tom post vert oppretta i eit skjema som er knytt til ei datakjelde. Dette skjer for eksempel når Neste post vert trykt ved den siste posten.

Etter nullstilling

Hendinga Etter tilbakestilling finn stad når eit skjema vert tilbakestilt.

Før postendring

Hendinga Før endring av post skjer før peikaren til den gjeldande posten vert endra. Den lenkja makroen kan for eksempel hindra at denne handlinga skjer ved å gje tilbake «USANN».

Før posthandling

Hendinga Før posthandling finn stad før denne dataposten vert endra, for eksempel redigert eller sletta. Den lenkja makroen kan for eksempel spørja etter stadfesting i eit dialogvindauge.

Før sending

Hendinga Før sending finn stad før formeldataa vert sende.

Før utlasting

Hendinga Før utlasting finn stad før skjemaet vert teke ut av datakjelda.

Stadfest sletting

Hendinga Stadfest sletting finn stad så snart data er sletta frå skjemaet. Den lenkja makroen kan for eksempel spørja om stadfesting i eit dialogvindauge.

Ved lasting

Hendinga Ved lasting finn stad rett etter at skjemaet er lasta inn.

Ved lasting på nytt

Hendinga Ved lasting på nytt finn stad rett etter at skjemaet er lasta inn. Datainnhaldet er alt oppdatert.

Ved utlasting

Hendinga Ved utlasting finn stad etter at skjemaet er teke ut av datakjelda.