Skjemaeigenskapar

I dette dialogvindauget kan du mellom anna velja datakjelde og hendingar for heile skjemaet.

For å bruka denne funksjonen …

Opna sprettoppmenyen til eit vald skjemaelement og vel Skjema

Ikon

Skjema


Det går an å skriva inn fleire linjer tekst i nokre av kombinasjonsboksane i eigenskapane. Dette gjeld alle felt der SQL-uttrykk kan skrivast, i tillegg til tekstboksar og etikettar. Du kan opna desse felta og skriva inn tekst i lista. Desse snartastane kan brukast:

Tastar

Effektar

+Pil Ned

Opnar kombinasjonsboksen.

+ Pil opp

Lukkar kombinasjonsboksen.

Shift + Enter

Set inn ei ny linje.

Pil opp

Set skrivemerket på linja ovanfor.

Pil ned

Set skrivemerket på linja nedanfor.

Enter

Gjer deg ferdig med å skriva i feltet og plasserer skrivemerket i neste felt.


Du kan opna og lukka lista ved å klikka med musa på pila til høgre for feltet, akkurat som for listeboksar og kombinasjonsboksar. Her er det slik at du berre kan skriva i den opne lista eller i tekstfeltet på toppen. Dei eigenskapane som forventar lister er eit unntak, for eksempel Listeoppføringar eller Listeboks og Kombinasjonsboks. I desse kan du berre redigera oppføringane når feltet er ope.

Generelt

Data

Fana Data styrer skjemaeigenskapane som refererer til den databasen som er knytt til skjemaet.

Hendingar

På fana Hendingar kan du tilordna makroar til visse hendingar som kan skje i skjema.