Generelt

På fana Generelt finn du generelle eigenskapar for eit kontrollelement i skjemaet. Kvar type kontrollelement har sine eigenskapar.

For å bruka denne funksjonen …

Opna sprettoppmenyen til eit valt skjemaelement og vel fana Kontrollelement → Generelt

Opna ei av verktøylinjene Kontrollelement for skjema eller Skjemautforming, trykk på Kontrollelement og vel fana Generelt


Merknadsikon

Viss du eksporterer skjemadokumentet til HTML, vert standardverdiane til kontrollelementa eksportert, ikkje verdiane som er skrive inn. Standardverdiane er sette i eigenskapane og er avhengige av typen kontrollelement. Tekstfelt har for eksempel Standardverdi, avkryssingsboksar og alternativfelt har Standardstatus, medan listeboksar har Standardval.


Auk/senk verdien

Vel intervallet som skal leggjast til eller trekkast frå kvar gong kontrollelementet for talboksar vert slått på

Autoutfylling

Dette er ein funksjon som viser ei liste over tidlegare oppføringar når du skriv i kombinasjonsboksen.

Bakgrunnsfarge

Dei fleste kontrollfelta kan ha ein bakgrunnsfarge. Viss du trykkjer på Bakgrunnsfarge, får du opp ei liste der du kan velja farge. Vel «Standard» viss du vil bruka systeminnstillinga. Viss fargen du vil ha ikkje står i lista, kan du trykkja på for å laga ein farge.

Bilete

Ein biletknapp har ein bilet-eigenskap. Bilet-eigenskapen inneheld sti og filnamn til biletet du vil visa på knappen. Om du vel ei biletfil med -knappen, vert stien og filnamnet automatisk tekne med i tekstfeltet.

Breidd

Set kolonnebreidd i tabellkontrollfeltet i eininga som er oppgjeve i LibreOffice-modulinnstillingar. Om du vil, kan du skriva inn ein verdi og ei gyldig måleeining, for eksempel 2 cm.

Breidd

Bestemmer breidda på kontrollelementet.

Brytar

Bestemmer om ein knapp skal vera av-/på-knapp. Set du skift til «Ja», kan du veksla mellom «Vald» og «Ikkje vald» når du trykkjer på knappen eller trykkjer på mellomromstasten når knappen har fokus. Ein knapp i tilstanden «Vald» vert vist som «inntrykt».

Datoformat

Med datofelt kan du velja format på datovisinga.

Merknadsikon

Alle formatfelt (dato, tid, valuta, tal) vert automatisk formaterte når du går ut av dei, uansett korleis du har skrive inn verdien.


Desimalpresisjon

for tal og valutafelt kan du avgjera kor mange siffer som skal visast til høgre for desimalteiknet.

Etikett

Etikett-eigenskapen styrer etikettane til kontrollfelta som vert viste i skjemaet. Denne eigenskapen styrer den synlege etiketten eller kolonneoverskrifta til datafelt i tabellkontrollskjema.

Når du lagar eit nytt kontrollelement, vert beskrivinga som er vald på førehand i eigenskapen Namn brukt som standard i etiketten for kontrollelementet. Etiketten er sett saman av namnet på kontrollelementet og eit heiltal (for eksempel «Kommandoknapp1»). Du kan bruka Tittel-eigenskapen til å leggja til ei anna beskriving av kontrollelementet, slik at etiketten viser kva funksjon kontrollelementet har. Du bør endra denne oppføringa slik at kontrollelementet vert gjeve eit namn som er lett forståeleg for brukaren.

For å laga ein tittel over fleire linjer, opna kombinasjonsboksen ved hjelp av pilknappen. Du kan skriva inn eit linjeskift med tastekombinasjonen Shift + + Enter.

Merknadsikon

Tittel-eigenskapen vert berre brukt til den etiketten på eit skjemaelement som brukaren ser. Dersom du arbeider med makroar, må du hugsa å alltid referera til kontrollelement gjennom eigenskapen Namn.


Filtrering / sortering

Bestemmer om filtrerings- og sorteringselementa i ein vald navigasjonslinjekontroll skal visast eller gøymast. Desse filtrerings- og sorteringselementa finst: sorter stigande, sorter fallande, sorter, automatisk filtrering, standardfilter, bruk filter og tilbakestill filter/sortering.

Fleirval

Let deg velja meir enn eitt element i ein listeboks.

Forankring

Styrer kvar kontrollelementet vert forankra.

Foranstilt symbol

Bestemmer om valutasymbolet skal visast før eller etter talet når du bruker valutafelt. Standardinnstillinga er at valutasymbolet står etter talet.

Formatering

Vel formatkoden til kontrollen. Trykk på -knapen for å velja formatkode.

Forseinking

Vel kor lang tid det skal gå, i millisekund, mellom gjentaking av hendingar. Ei gjentakande hending skjer når du trykkjer på ein pilknapp eller bakgrunnen i eit rullefelt, eller ein av postnavigasjonsknappane på ei navigasjonslinje, og held museknappen inne ei stund. Du kan skriva inn ein verdi med ei gyldig tidseining etter, for eksempel 2 s eller 500 ms.

Gjenta

Vel om handlinga til eit kontrollelement, for eksempel ein rulleknapp eller eit rullefelt, skal gjentakast når du trykkjer på kontrollelementet og held museknappen nede.

Gøym utval

Bestemmerl om eit tekstutval eller eit kontrollelement framleis skal vera markert etter at fokus ikkje er på noko kontrollelement. Viss du set Gøym utval til «Nei», vil den markerte teksten framleis vera markert etter at fokus er flytt frå kontrollelementet som inneheld teksten.

Handling

Du kan bruka navigasjonshandlingar til å laga dine eigne knappar til databasenavigasjon.

Den følgjande tabellen skildrar dei handlingane du kan tilordna til knappar.

Handling

Skildring

Inga

Inga handling skjer.

Send skjema

Sender dataa som er skrivne inn i andre kontrollfelt i skjemaet til adressa som er vald i Skjemaeigenskapar under URL.

Skriv inn adressa i dataeigenskapen «URL» når du eksporterer til in PDF-fil.

Nullstill skjema

Nullstiller innstillingane i andre kontrollfelt til standardverdiane (Standardstatus, Standardutval, Standardverdi).

Opna dokument/nettside

Opnar adressa som er vald under URL. Du kan bruka Ramme til å velja målramme.

Første post

Flyttar skjemaet til den første dataposten.

Førre post

Flyttar skjemaet til den førre dataposten.

Neste post

Flyttar skjemaet til den neste dataposten.

Siste post

Flyttar skjemaet til den siste dataposten.

Lagra post

Lagrar dataposten, om det trengst.

Angra innskriving

Angrar endringane i dataposten.

Ny post

Flyttar skjemaet til innsetjingsrada.

Slett post

Slettar dataposten.

Frisk opp skjema

Les inn att den sist lagra versjonen av skjemaet.


Handling ved ein post

Vel om handlingselementet skal gøymast eller visast på eit valt kontrollelement på navigasjonslinja. Dette er handlingselementa: lagra post, angra, ny post, slett post og oppdater.

Hjelpeadresse

Spesifiserer ei adresse til eit hjelpedokument som kan hentast fram ved hjelp av kontrollfeltet. Hjelp for kontrollfeltet kan opnast når fokus er plassert på kontrollfeltet og brukaren trykkjer F1.

Hjelpetekst

Skriv inn ein hjelpetekst som skal visast som eit tips på kontrollen. Tipset viser teksten i brukarmodus når musepeikaren vert flytt over kontrollelementet.

På URL-knappar vert hjelpeteksten vist som eit utvida tips i staden for adressa som er skrive under URL.

Hjelpetekst

Du kan oppgje tilleggsinformasjon eller ein skildrande tekst i kvart kontrollfelt. Denne eigenskapen hjelper programmeraren til å lagra tilleggsinformasjon som kan brukast i programkoden. Feltet kan for eksempel brukast til variablar eller andre evalueringsparameterar.

Høgaste dato

Skriv inn ein dato i datofeltet. Ingen brukarar kan skriva inn ein høgare datoverdi enn denne.

Høgaste tid

Skriv inn ein tidsverdi i tidfeltet. Ingen brukarar kan skriva inn ein høgare tidsverdi enn denne.

Høgaste verdi

Du kan setja ei grense for kor mange teikn brukaren kan skriva inn i tal- og valutafelt.

Høgd

Bestemmer høgda på kontrollelementet.

Høgste rulleverdi

Vel høgste verdien til eit kontrollelement for rullefelt.

Ikonstorleik

Bestemmer om knappane på den valde navigasjonslinja skal vera små eller store.

Justering / biletjustering

Du kan velja venstrejustering, høgrejustering og midtstilling. Justeringa kan stillast inn for dei følgjande elementa:

  1. Tittelen på etikettfelt

  2. Innhaldet i tekstfelt

  3. Innhald av tabellfelt i kolonnane i eit tabellelement

  4. Bilete eller tekst som vert brukt på knappar

    Merknadsikon

    For knappar er justeringa kalla Biletjustering.


Kan skrivast ut

Her bestemmer du om kontrollfeltet skal koma med på utskrifta av dokumentet.

Kantfarge

Vel kantfargen på kontrollelement som har kanteigenskapane sett til «Flat».

Kantlinje

Ramma på enkelte kontrollfelt kan tilpassast med eigenskapen Kantlinje. Du kan velja «utan ramme», «3D-utsjånad» eller «flat».

Linjetal

Når det gjeld kombinasjonsboksar med eigenskapen Rullegardin, kan du velja kor mange linjer som skal visast i nedtrekkslista. I kontrollfelt som ikkje har denne eigenskapen, vert talet på linjer som vert viste styrt av storleiken på kontrollfeltet og storleiken på den valde skrifta.

Listeoppføringar

Merk at tips viser til kontrollelementa og tastaturet.

I kombinasjonsboksen Standardval vel du dei oppføringane som skal vera førehandsvalde i lista.

Merknadsikon

Legg merkje til at desse listeoppføringane berre vert tekne med i skjemaet viss «Verdiliste» er merkt under Innhaldstype på fana Data.


Viss du ikkje vil at listeoppføringane skal skrivast til databasen eller sendast til mottakaren av skjemaet, men heller at dei skal ha andre verdiar som ikkje vert viste i skjemaet, kan du laga ei verdiliste der oppføringane er tilordna verdiar. Verdilista vert sett opp på fana Data. Vel «Verdiliste» under Type listeinnhald og legg inn verdiane som skal tilordnast dei synlege listeoppføringane, under Listeinnhald. Rekkjefølgja i verdilista er viktig for at verdiane skal tilsvara korrekt oppføring.

Merknadsikon

I HTML-dokumenter vil listeoppføringar frå fana Generelt svara til HTML-taggen <OPTION>. Verdiane i verdilista under Listeinnhald på fanen Data svarar til taggen <OPTION VALUE=…>.


Lita endring

Skriv inn kva verdi som skal leggjast til eller trekkjast frå når brukaren trykkjer på pilknappen på rullefeltet.

Lågaste dato

Vel den tidlegaste datoen brukaren kan skriva inn.

Lågaste tid

Bestemmer den minste tidsverdien ein brukar kan skriva inn.

Lågaste verdi

I numeriske felt og valutafelt kan du oppgje ein minsteverdi for å hindra at brukaren skriv inn ein for låg verdi.

Merkelappfelt

Oppgje ei kjelde for namnet til kontrollobjektet. Teksten i etikettfeltet vert brukt i staden for namnet på eit databasefelt i for eksempel filterstrukturen, dialogvindauget søk og som kolonnenamn i tabellvisinga.

Du kan velja ein bokstav i etiketten som snarvegstast, slik at brukaren kan gå til kontrollelementet ved å bruka tastaturet. Set inn ein tilde (~) før bokstaven som skal vera snarvegstast.

Berre teksten til grupperamma kan brukast som etikett når radioknappar er brukte. Denne teksten gjeld for alle radioknappane i gruppa.

Dersom du trykkjer på ved sida av tekstfeltet, får du opp dialogvindauget for Val av etikettfelt. Vel ein etikett frå lista.

Merk av i Inga tildeling-boksen for å fjerna koplinga mellom eit kontrollelement og det tildelte etikettfeltet.

Minste rulleverdi

Vel lægste verdien til eit kontrollelement for rullefelt.

Namn

Alle kontrollfelt og alle skjema har eigenskapen Namn, som gjer at dei kan identifiserast. Namnet kjem fram i skjemastrukturen, og kontrollfeltet kan verta vist til frå ein makro ved hjelp av namnet. Det er frå før skrive inn eit namn i standardinnstillingane. Kontrollfeltet vert identifisert med namnet, som er bygd opp av etiketten og nummeret til feltet.

Merknadsikon

Sørg for at namna på kontrollelementa er unike dersom du arbeider med makroar.


Namnet vert også brukt til å gruppere saman ulike kontrollelement som høyrer saman funksjonelt, slik som radioknappar. For å gjera dette, gjev du det same namnet til alle medlemmane i gruppa. Når dei har likt namn, høyrer dei til same gruppe. Grupperte kontrollelement kan visast i ein grupperingsboks.

Navigasjon

Bestemmer om navigasjonselementa i eit kontrollelement på navigasjonslinja skal visast eller gøymast. Dette er navigasjonselementa: første post, førre post, neste post og siste post.

Navigasjonslinje

Vel om navigasjonslinja skal visast nedst i tabellelementet.

Nedtrekk

Kontrollfelt med nedtrekksfunksjon har ein ekstra pilknapp som opnar lista over skjemaoppføringar med eit museklikk. Under Tal på linjer kan du velja kor mange linjer eller rader som skal visast i nedtrekkslista. Kombinasjonsfelt kan ha nedtrekksfunksjon.

Kombinasjonsboksar som er sette inn som kolonnar i eit tabellelement er alltid i utgangspunktet stilte inn som nedtrekkslister.

Passordteikn

Dersom brukaren skriv inn i et passord, kan du velja kva teikn som skal visast i staden for dei som brukaren skriv inn. Skriv inn ASCII-koden til teikna du vil bruka under Passordteikn. Du kan bruka verdiar frå 0 til 255.

Tipsikon

Du finn teikna og ASCII-kodene som høyrer til dei i dialogvindauget Spesialteikn (Set inn → Spesialteikn).


Plassering

Bestemmer om posisjonselement på eit vald kontrollelement på navigasjonslinja skal visast eller gøymast. Dette er posisjonselementa: postetikett, postposisjon, posttal-etikett, tal på postar.

PosisjonX

Bestemmer X-posisjonen for kontrollelementet, relativt til ankeret.

PosisjonY

Bestemmer Y-posisjonen for kontrollelementet, relativt til ankeret.

Postmerke

Vel om den første kolonnen skal visast med radetikettar der gjeldande post er markert med ei pil.

Viss eit kontrollfelt har eigenskapen «På», vil brukaren kunna bruka dette feltet. Viss «Av» er vald, vert feltet vist med grå farge og kan ikkje brukast.

Radhøgd

I tabellelement kan du velja ein verdi for radhøgda. Dersom du vil, kan du òg oppgje ei måleeining, for eksempel 2 cm.

Ramme

Du kan også velja målramme for nettadresser som du opnar med knappar som er tilordna handlinga Opna dokument eller nettside.

Dersom du klikkar i feltet, kan du velja kva ramme det neste dokumentet skal opnast i. Desse alternativa finst:

Alternativ

Tyding

_blank

Det neste dokumentet vert opna i ei ny, tom ramme.

_parent

Det neste dokumentet vert opna i ei foreldreramme. Dersom ingen foreldrerammer finst, vert dokumentet opna i den same ramma.

_self

Det neste dokumentet vert opna i den same ramma.

_top

Det neste dokumentet vert opna i eit vindauge på toppnivå, altså i den høgaste ramma i hierarkiet. Dersom ramma allereie er på toppnivå, vert dokumentet opna i den same ramma.


Merknadsikon

Ramme-eigenskapen vert brukt for HTML-skjema, ikkje databaseskjema.


Redigeringsmaske

Ved å oppgje teiknkoden i mønsterfelt, kan du avgjera kva brukaren kan skriva inn i mønsterfeltet.

Redigeringsmaska avgjer kva det er mogleg å skriva inn. Dersom brukaren skriv inn teikn som ikkje svarar til redigeringsmaska, vert verdien forkasta så snart brukaren går ut av feltet. Du kan laga teiknmaska av dei følgjande teikna:

Teikn

Tyding

L

Ein tekstkonstant. Denne posisjonen kan ikkje endrast. Teiknet vert vist i den tilsvarande posisjonen i Teiknmaska.

a

Bokstavane a-z og A-Z kan skrivast inn. Store bokstavar vert ikkje gjorde om til små.

A

Bokstavane A-Z kan skrivast inn. Dersom ein liten bokstav vert skriven inn, vert han gjort om til stor.

c

Teikna a-z, A-Z og 0-9 kan skrivast inn. Store bokstavar vert ikkje gjorde om til små.

C

Teikna A-Z og 0-9 kan skrivast inn. Dersom ein liten bokstav vert skriven inn, vert han gjort om til stor.

N

Berre tala 0-9 kan skrivast inn.

x

Alle utskrivbare teikn kan skrivast inn.

X

Alle utskrivbare teikn kan skrivast inn. Dersom ein liten bokstav vert skriven inn, vert han gjort om til stor.


For eksempel så kan du bruka redigeringsmaska «NNLNNLLLLL» til teiknmaska «__.__.2000». Då kan brukaren skriva inn berre fire siffer i datoen.

Retning

Vel om eit rullefelt eller ein talboks skal plasserast vassrett eller loddrett.

Rullefelt

Gjev ein tekstboks eit rullefelt av den typen du vel.

Rulleknapp

Rulleknappar kan brukast til talfelt, valutafelt, datofelt og klokkeslettfelt.

Rulling på musehjulet

Bestemmer om verdien vert endra medan brukaren ruller musehjulet. «Aldri»: Ingen endring av verdien. Når fokusert: (standard) verdien vert endra når kontrollelementet har fokus og hjulet peikar på kontrollelementet og vert rulla. «Alltid»: Verdien vert endra når musehjulet peikar på kontrollelementet og vert rulla, uavhengig av kva kontroll som har fokus.

Skalering

Endrar storleiken på biletet slik at det passar til kontrollelementet.

Skrift

For kontrollfelt som har synleg tekst eller titlar, vel du skrifttypen du vil bruka til vising. Du opnar dialogvindauget Skrifttype ved å trykkja på -knappen. Den valde skrifttypen vert brukt i namn på kontrollfelt og til å visa data i tabellkontrollfelt.

Skriveverna

Eigenskapen Skriveverna kan tildelast alle kontrollelementa som brukaren kan skrive inn tekst i. Om du gjev eigenskapen til eit biletfelt som har henta bilete frå ein database, kan ikkje brukaren setja inn nye bilete i databasen.

Standard rulleverdi

Vel standardverdi for rullefeltet.

Standarddato

Vel standarddato.

Standardknapp

Eigenskapen Standardknapp inneber at knappen som høyrer til vert teken i bruk når du trykkjer «Enter». Dersom du opnar eit dialogvindauge eller skjema utan å gjera andre handlingar, er knappen med denne eigenskapen standardknappen.

Merknadsikon

Denne eigenskapen bør berre tilordnast éin knapp i dokumentet.


Når du bruker skjema i nettsider, kan du finna denne eigenskapen i søkjemasker. Dette er redigeringsmasker med eit tekstfelt og ein sendemåte-knapp. Søkjeordet vert skrive inn i tekstfeltet og søket byrjar når du trykkjer på knappen. Viss knappen er vald som standardknapp, er det nok å trykkja «Enter» når du har skrive inn søkjeordet.

Standardstatus

Vel om eit alternativ eller ein avkryssingsboks skal vera merkt av som standard.

For knappar av tilbakestillingstypen, kan du velja status for kontrollelementet når ein brukar slår på tilbakestillingsknappen.

I grupperte valfelt vert gruppestatus som svarar til standardinnstillinga definert med Standardstatus.

Standardtekst

Vel standardtekst for eit tekstfelt eller ein kombinasjonsboks.

Standardtid

Vel standardtid.

Standardval

Vel oppføringa i listeboksen som skal vera standard.

For knappar av tilbakestillingstypen vil Standardval definere status for listeboksen viss ein brukar aktiverer tilbakestillingsknappen.

For listeboksar med verdiliste kan du trykkja på for å opna dialogvindauget Standardval.

I dialogvindauget Standardval vel du kva for oppføringar som skal vera valde når skjemaet med listeboksen vert opna.

Standardverdi

Vel ein standardverdi for kontrollfeltet. Standardverdien vert for eksempel sett inn når eit skjema vert opna.

For tilbakestillingsknappar vil Standardverdi definere status for kontrollelementet når knappen vert aktivert av ein brukar.

Stil

Bestemmer om avkryssingsboksar og valknappar skal visast tredimensjonalt (standard) eller flatt.

Stor endring

Skriv inn kva verdi som skal leggjast til eller trekkjast frå når brukaren trykkjer på pilknappen på rullefeltet.

Strengt format

Du kan gjera ein formatsjekk med kontrollfelt som godtek formatert innhald (dato, klokkeslett og liknande). Dersom den strenge formateringsfunksjonen er på (Ja), vert berre dei tillatne teikna godtekne. For eksempel vert berre tal og datoskiljeteikn godtekne i datofelt, alle bokstavar vert ignorerte.

Største tekstlengd

Du kan setja ei grense for kor mange teikn brukaren kan skriva inn i tekst- og kombinasjonsboksar. Dersom denne kontrollfelteigenskapen er usikker, er standardinnstillinga null.

Viss kontrollelementet er knytt til ein database og tekstlengda skal bestemmast ut frå feltet i databasen, må du ikkje skriva inn tekstlengd her. Innstillingane kan berre hentast frå databasen viss denne eigenskapen ikkje er på (tilstand «Ikkje definert»).

Symbolfarge

Vel farge for symbol på kontrollelement, for eksempel pilene på rullefelt.

Synleg

Bestemmer om kontrollen skal vera synleg i sanntidsmodus. I utformingsmodus er kontrollen alltid synleg.

Merk at viss denne eigenskapen er sett til «Ja» (standardvalet, treng ikkje dette bety at kontrollelementet vert vist på skjermen. Andre avgrensingar er lagt til grunn for å finna ut om kontrollen skal visast. For eksempel vil ein kontroll plassert i ein gøymd bolk i Writer ikkje vera synleg før bolken vert gjort synleg.

Viss denne eigenskapen er sett til «Nei», vil kontrollelementet alltid vera gøymd i sanntidsmodus.

Versjonar av OpenOffice.org før 3.1 vil oversjå denne eigenskapen utan å visa noko melding når dokument som bruker denne vert lesne inn.

Synleg storleik

Vel storleiken på bjelken i rullefeltet målt i «verdieiningar». For eksempel vil ein verdi på («Høgste rulleverdi» minus «Minste rulleverdi») / 2 gje ein bjelke som fyller halve rullefeltet.

Dersom 0 er valt, vil bjelken vera like brei som han er høg.

Ta fokus ved klikk

Her kan du velja om trykknappen skal få fokus når nokon trykkjer på han.

Tabulatorrekkjefølgje

Eigenskapen tabulatorrekkjefølgje avgjer kva rekkjefølgje kontrollelementa skal få fokus i når du trykkjer tabulatortasten. I skjema som inneheld meir enn eitt kontrollelement, flytter fokus til neste kontrollelement når du trykkjer tabulatortasten. Du kan velja rekkjefølgje for fokus under tabulatorrekkjefølgje.

Merknadsikon

Tabulatorrekkjefølgja kan ikkje tilpassast for gøymde kontrollelement. Dersom du vil, kan du velja denne eigenskapen for biletknappar og biletfelt, slik at òg desse kan veljast med tabulatortasten.


Når du lagar eit skjema, vert ein indeks automatisk tilordna dei kontrollfelta som vert lagt til i skjemaet. Kvart nye kontrollfelt får ein indeks som er 1 høgare. Viss du endrar på éin indeks, vert indeksane til dei andre kontrollelementa oppdaterte automatisk. Element som ikkje kan fokuserast (Tabulator = Nei), får også ein verdi. Desse kontrollelementa hoppar tabulatortasten likevel over.

Du kan òg lett velja indeksar til dei ulike kontrollelementa i dialogvindauget Tabulatorrekkjefølgje.

Tabulatorstopp

Eigenskapen Tabulator avgjer om eit kontrollfelt kan veljast med tabulatortasten. Desse alternativa er tilgjengelege:

Nei

Hoppar over kontrollelementet når fokus vert flytta med tabulatortasten.

Ja

Kontrollelementet kan veljast med tabulatortasten.


Teiknmaske

Du kan bruka maskerte felt til å velja ei teiknmaske. Teiknmaska inneheld dei første verdiane i eit skjema, og er alltid synlig etter at du har lasta ned eit skjema. Viss du bruker ein teiknkode for redigeringsmaska, kan du avgjera kva oppføringar brukaren kan skriva inn i det maskerte feltet.

Merknadsikon

Lengda på teiknmaska bør alltid vera lik lengda på redigeringsmaska. Dersom det ikkje er tilfelle, vert redigeringsmaska anten kutta ned eller fylt opp med mellomrom til ho er like lang som teiknmaska.


Tekstbryting

Viser tekst over meir enn éi linje. Tillet bruk av linjeskift i eit skrivefelt slik at du kan skriva inn fleire linjer med tekst. Du kan leggja inn linjeskift manuelt med Enter-tasten.

Tekstlinjer sluttar med

For tekstfelt kan du velja kva linjesluttkode som skal brukast når du skriv inn tekst i ein databasekolonne.

Teksttype

Let deg ta med linjeskift og formatering i kontrollfelt, for eksempel i tekstboksar og etikettar. Du kan leggja inn linjeskift manuelt med Enter-tasten. Vel «Fleire linjer med formatering» for å skriva inn formatert tekst.

Åtvaringsikon

Viss du vel teksttypen «Fleire linjer med formatering», kan du ikkje knytte kontrollelementet til eit databasefelt.


Merknadsikon

Dette kontrollelementet heiter «Skrivefelt med fleire linjer» for tekstkolonnar inne i tabellelement.


Tidsformat

Vel format for vising av klokkeslett.

Trenivå

Avgjer om ein avkryssingsboks kan stå for verdien NULL for ein kopla database, i tillegg til verdiane SANN og USANN. Denne funksjonen er berre tilgjengeleg dersom databasen godtek tre tilstandar: SANN, USANN og NULL.

Merknadsikon

Eigenskapen Trenivå kan berre brukast med databaseskjema, ikkje HTML-skjema.


Tusenskilje

Du kan avgjera om tusenskilje skal brukast i tal- og valutafelt.

URL

Skriv inn adressa til ein knapp av typen «Opna dokument/nettside» i Lenkje (URL)-feltet. Adressa vert opna når du trykkjer på knappen.

Når du fører musepeikaren over knappen i brukarmodus, vert nettadressa vist som eit utvida tips viss ingen annan hjelpetekst er skrive inn.

Valutasymbol

Du kan førehandsvelja valutasymbol for valutafelt ved å setja inn teiknet eller tekststrengen i eigenskapen valutasymbol.

Verdi

I det gøymde kontrollelementet, under Verdi skriv du inn data som det gøymde kontrollelementet skal overta. Desse vert overførte når skjemaet vert sendt.

Verdisteg

Du kan førehandsinnstilla intervallverdiane i tal- og valutaboksar. Bruk pilknappane til talboksane for å auka eller minka verdien.