Eigenskapar for kontrollelement

Opnar eit dialogvindauge for å redigera eigenskapane for det valde kontrollelementet.

For å bruka denne funksjonen …

Opna sprettoppmenyen til eit valt skjemaelement og vel Kontrollelement

Ikon

Kontrollelement


Merknadsikon

Du kan berre opna eigenskapane når du er i utformingsmodus og har valt eit kontrollelement.


Det går an å skriva inn fleire linjer tekst i nokre av kombinasjonsboksane i eigenskapane. Dette gjeld alle felt der SQL-uttrykk kan skrivast, i tillegg til tekstboksar og etikettar. Du kan opna desse felta og skriva inn tekst i lista. Desse snartastane kan brukast:

Tastar

Effektar

+Pil Ned

Opnar kombinasjonsboksen.

+ Pil opp

Lukkar kombinasjonsboksen.

Shift + Enter

Set inn ei ny linje.

Pil opp

Set skrivemerket på linja ovanfor.

Pil ned

Set skrivemerket på linja nedanfor.

Enter

Gjer deg ferdig med å skriva i feltet og plasserer skrivemerket i neste felt.


Du kan opna og lukka lista ved å klikka med musa på pila til høgre for feltet, akkurat som for listeboksar og kombinasjonsboksar. Her er det slik at du berre kan skriva i den opne lista eller i tekstfeltet på toppen. Dei eigenskapane som forventar lister er eit unntak, for eksempel Listeoppføringar eller Listeboks og Kombinasjonsboks. I desse kan du berre redigera oppføringane når feltet er ope.

Generelt

På fana Generelt finn du generelle eigenskapar for eit kontrollelement i skjemaet. Kvar type kontrollelement har sine eigenskapar.

Data

På fana Data kan du tilordna ei datakjelde til det valde kontrollelementet.

Hendingar

På fana Hendingar kan du knyta makroar til hendingar som skjer med kontrollelementa i eit skjema.

Data (for XML-skjemadokument)

Fana «Data» i dialogvindauget «Eigenskapar» for eit XML-skjemadokument inneheld ein del innstillingar for XML-skjemadokument.