Tips om tabellelement

Du kan velja kva for postar som skal visast i eit tabellelement. Det vil seia at du kan velja kva datafelt som skal visast eller redigerast, akkurat som i eit databaseskjema.

Desse felta kan brukast i tabellelement: Tekst, dato, klokkeslett, valuta, tal, mønster, avkryssingsboks og kombinasjonsboks. Ved kombinerte dato- og klokkeslettfelt vert det automatisk oppretta to kolonnar.

Dersom nokon linjer er valde, vert talet på valde linjer vist i parentesar etter talet på postar i alt.

Du kan setja inn kolonnar i tabellelementet ved å opna sprettoppmenyen til kolonneoverskriftene. Dei følgjande kommandoane finst:

Set inn kolonne

Viser ein undermeny der du kan velja eit datafelt som skal tilpassast i tabellkontrollfelta.

Set opp tabellelementet med dra og slepp: Opna datakjeldelesaren og dra dei felta du vil ha med over i kolonneoverskriftene til tabellelementet. Då vert ferdig oppsette kolonnar oppretta.

Byt ut med

Opnar ein undermeny. Der kan du velja eit datafelt som skal koma i staden for datafeltet som er vald i tabellinnstillingane.

Slett kolonne

Slettar den valde kolonnen.

Kolonne

Opnar eigenskapane til den valde kolonnen.

Gøym kolonnar

Gøymer den valde kolonnen. Eigenskapane vert ikkje endra.

Vis kolonnar

Vis ein undermeny der du kan velja kolonnane som skal visast igjen. Du kan velja å visa berre ein kolonne ved å trykja på kolonnenamnet. Du ser berre dei 16 første av dei gøymde kolonnane. Dersom det er fleire gøymde kolonnar, kan du velja Meir-kommandoen for å opna dialogvindauget Vis kolonnar.

Meir

Vis dialogvindauget Vis kolonnar.

I dialogvindauget Vis kolonnar kan du velja kva kolonnar som skal visast. Hald nede Shift eller for å merkja fleire oppføringar.

Alle

Trykk på Alle viss du vil visa alle kolonnane.

Tastaturstyring av tabellelement

Viss du bruker berre tastaturet til å gå gjennom kontrollelementa i dokumentet, vil du oppdaga at tabellelementa oppfører seg litt annleis enn andre kontrollelement. Når du trykkjer tabulatortasten, går du ikkje vidare til neste kontrollelement, men flyttar i staden til den neste kolonnen i tabellelementet. Bruk + Tabulator for å gå til det neste kontrollelementet, eller Shift + + Tabulator for å gå til det førre.

Redigera tabellelement med tastaturet:

Skjemadokumentet må vera i utformingsmodus.

  1. Trykk + F6 for å velja dokumentet.

  2. Vel det første kontrollelementet med Shift + F4. Dersom tabellelementet ikkje er det første elementet, trykk Tab til tabellen er vald.

  3. Trykk Enter for å gå til redigeringsmodus. Handtaket vert vist lenger ut frå feltramma.

  4. I redigeringsmodus kan du opna sprettoppmenyen for redigering med Shift + F10.

  5. Viss du vil redigera kolonnar, trykkjer du Shift + Mellomrom. Då kan du flytta på kolonnane med + piltastene. Bruk Delete-tasten for å sletta ein kolonne.

  6. Trykk Escape for å gå ut av redigeringsmodus.