Kontrollelement for skjema

Verktøylinja «Kontrollelement for skjema» har verktøy du treng for å laga eit interaktivt skjema. Du kan bruka verktøylinja til å leggja kontrollelement til eit skjema i ein tekst, eit rekneark, ein presentasjon eller eit HTML-dokument, for eksempel ein knapp som køyrer ein makro.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Vis → Verktøylinjer → Kontrollelement for skjema.

Ikon på verktøylinja Set inn. (Kan hende du må slå på dette normalt usynlege ikonet):

Ikon

Kontrollelement for skjema


Merknadsikon

XML-skjemadokument («XForms») bruker dei same kontrollelementa.


Du lagar eit skjema ved å opna eit dokument og bruka verktøylinja «Kontrollelement for skjema» til å leggja inn element. Viss du vil, kan du også knyta skjemaet til ein database, slik at du kan styra databasen med kontrollelementa.

Når du lagar eit skjema i eit HTML-dokument, kan du bruka skjemaet til å senda data over Internett.

Merknadsikon

LibreOffice eksporterer berre dei skjemaeigenskapane som er støtta av den HTML-versjonen du har vald å eksportera til. Du vel HTML-versjon i → Last inn / lagra → HTML-komtabilitet.


For å leggja til eit kontrollelement i eit skjema

  1. På verktøylinja «Kontrollelement for skjema» trykkjer du på knappen til det kontrollelementet du vil leggja til.

  2. I dokumentet dreg du for å laga kontrollelementet.

    Viss du vil laga eit kvadratisk kontrollfelt, hald nede Shift-tasten medan du dreg.

Tipsikon

Du kan leggja til eit felt i skjemaet ved å dra ei celle frå feltlista til ein tabell eller frå ei spørjing og inn i skjemaet. I tekstdokument kan du også leggja til eit felt i eit skjema ved å dra inn kolonneoverskrifter. Viss du vil ta med ein etikett til feltet, kan du halda nede + Shift samstundes som du drar ei kolonneoverskrift.


Endra på eit kontrollelement

  1. Høgreklikk på kontrollelementet og vel Kontrollelement. Då opnar det seg eit dialogvindauge der du kan velja eigenskapane til kontrollelementet.

  2. Du kan velja snarvegstast for kontrollelementet ved å skriva ein tilde (~) før ein av bokstavane i etiketten.

  3. Du kan dra og sleppa kontrollelement frå eitt dokument til eit anna. Du kan òg klippa dei ut og lima dei inn. Når du set inn eit kontrollelement frå eit anna dokument, vil LibreOffice analysera datakjelda, innhaldstypen og eigenskapane til kontrollelementet, slik at kontrollelementet passar til den logiske strukturen i måldokumentet. For eksempel vil eit kontrollelement som viser innhald frå ei adressebok visa innhaldet frå den same adresseboka etter at kontrollelementet er kopiert til eit anna dokument. Desse eigenskapane finn du på fana Data i dialogvindauget Skjemaeigenskapar.

Vel

Ikon

Med denne knappen byter du til og frå valmodusen, der du kan velja kontrollelement i skjemaet.

Utformingsmodus på/av

Slår utformingsmodus på eller av. Denne funksjonen vert brukt til å byta raskt mellom Utformings- og brukarmodus. Slå på for å redigera kontrollelementa for skjema, slå av for å bruka kontrollelementa.

Ikon

Utformingsmodus på/av

Eigenskapar for kontrollelement

Opnar eit dialogvindauge for å redigera eigenskapane for det valde kontrollelementet.

Ikon

Kontrollelement

Skjemaeigenskapar

I dette dialogvindauget kan du mellom anna velja datakjelde og hendingar for heile skjemaet.

Ikon

Skjema

Avkryssingsboks

Ikon

Lagar ein avkryssingsboks. Avkryssingsboksar let deg slå på eller av ein funksjon i eit skjema.

Tekstfelt

Ikon

Lagar eit tekstfelt. Tekstfelt er felt som brukaren kan skriva inn tekst i. I skjema viser teksfelt data eller let deg skriva inn nye data.

Formatert felt

Ikon

Lag eit formatert felt. Eit formatert felt er eit tekstfelt der du kan avgjera korleis inndata og utdata skal formaterast, og kva grenseverdiane skal vera.

Formaterte felt har spesielle eigenskapar (vel Format → Kontrollelement).

Trykknapp

Ikon

Lagar ein knapp som kan trykkjast på. Denne funksjonen kan brukast for å utføra kommandoar for ei særskild hending, som for eksempels eit museklikk.

Du kan leggja tekst og bilete på desse knappane.

Valknapp

Ikon

Lagar ein valknapp. Valknappar let brukaren velja mellom fleire alternativ. Valknappar med same funksjon får same namn (Namneigenskap). Vanlegvis får dei ei grupperingsramme.

Listeboks

Ikon

Lag ein listeboks. Ein listeboks lèt brukaren velja ei oppføring frå ei liste. Dersom skjemaet du lagar er knytt til ein database, og databasekoplinga er aktiv, vil Listeboksvegvisaren automatisk starta etter at listeboksen er sett inn i dokumentet. Vegvisaren vil hjelpa deg med å laga ferdig listeboksen.

Kombinasjonsboks

Ikon

Lagar ein kombinasjonsboks. Ein kombinasjonsboks er ein ei-linjers listeboks med ei nedtrekksliste som du kan bruka for å velja eit alternativ. Du kan setja kombinasjonsboksen til å vera «skriveverna», slik at brukarane ikkje kan leggja til andre oppføringar enn dei som er i lista frå før. Viss skjemaet er kopla til ein database, og databasekoplinga er aktiv, vil Kombinasjonsboksvegvisaren automatisk starta etter at kombinasjonsboksen er sett inn i dokumentet.

Merkelappfelt

Ikon

Lagar eit felt for vising av tekst. Desse etikettane er berre for førehandsinnskriven tekst. Du kan ikkje skriva inn noko i desse felta.

Kontrollelement for skjema

Opnar verktøylinja Fleire kontrollelement.

Skjemautforming

Opnar verktøylinja Skjemautforming.

Vegvisarar på/av

Ikon

Slår på eller av vegvisarane for skjemafelt.

Desse vegvisarane hjelper deg med å leggja inn eigenskapar for listeboksar, tabellelement og andre kontrollelement.

Menyval på sprettoppmenyen