Vis teiknefunksjonar
Trykk for å opna eller lukka verktøylinja for teikning, der du finn former, linjer, tekst og snakkebobler du kan bruka i dokumentet.
Du kan visa og gøyma teiknelinja med ein knapp på verktøylinja i Writer og Calc.
Vis teiknefunksjonar

Du kan bestemma kva knappar som skal vera synlege på verktøylinjene ved å høgreklikka på ei verktøylinje og velja Synlege knappar.
Utval
Lèt deg velja objekt i dokumentet. Klikk på eit objekt med pila for å velja det. Dersom du vil velja fleire objekt, kan du dra ei ramme rundt objekta. Du kan òg leggja til fleire objekt i utvalet ved å halda nede «Shift» når du klikkar.
Linje

Du kan skriva tekst på ei linje ved å dobbeltklikka på henne og skriva eller lima inn tekst. Teksten vert skriven i den retninga du teikna linja. Sjølve linja kan gøymast med Usynleg i Linjestil-boksen på verktøylinja Eigenskapar for teikneobjekt.
Rektangel
Teikn ein firkant. Vil du teikna eit kvadrat held du inne Shift-knappen medan du dreg med musa.
Ellipse
Teiknar ein oval ved å dra musepeikaren inne i dokumentet. Trykk der du vil teikna ovalen og dra han ut i den storleiken du vil ha. For å teikna ein sirkel, hold nede Shift medan du dreg med musa.
Mangekant
Teikn ei linje som er sett saman av rette linjesegment. Klikk og dra for å teikne eitt segment, klikk igjen for å setja endepunktet til segmentet og dra eit nytt segment. Dobbeltklikk for å avslutta det siste segmentet. Dobbeltklikk på startpunktet for å teikna ein lukka figur.
Hald nede «Shift» medan du teiknar ein mangekant for å teikna nye punkt i 45-graders vinklar.
Med Rediger punkt kan du endra på enkeltpunkta i mangekanten.
Kurve
Teiknar ei glatt Bezier-kurve. Trykk der du vil at kurva skal starta, dra, slepp og flytt musepeikaren til der du vil at kurva skal slutta og trykk. Flytt peikaren og trykk ein gong til for å leggja til ei rett linje til kurva. dobbeltklikk for å avslutta teikninga. Dobbeltklikk ved starten av kurva for å laga ei lukka form. Bogen til kurva vert avgjort av avstanden.
Frihandslinje
Boge
Teiknar ein boge i dokumentet. For å teikna ein boge, dra ein oval til den storleiken du vil ha, trykk så for å setja startpunktet på bogen. Flytt musepeikaren til der du vil ha endepunketet og trykk der. Du treng ikkje trykkje på sjølve bogen. Hald inne «Shift» medan du dreg for å teikna ein boge som er basert på ein sirkel.
Ellipsesektor
Teiknar ei fylt form styrt av bogen til ein oval og to radiuslinjer i dokumentet. Du teiknar ein ellipsesektor ved å dra ein oval til den storleiken du vil og så trykkja der fyrste radius skal vera. Flytt musepeikaren til der du vil leggja den andre radiusen og trykk. Du treng ikkje trykkja på ovalen. Du teiknar ein sirkelsektor ved å halda nede «Shift» medan du dreg.
Sirkelsegment
Teiknar ein fylt form som er sett av ein sirkelboge og ei diameterlinje. For å teikna eit sirkelsegment, dra ein sirkel med musepeikaren til storleiken du ynskjer og trykkja for å setja startpunktet på diameterlinja. Flytt musepeikaren til der du ynskjer å plassera endepunktet til diameterlinja og trykk der. Du treng ikkje å trykkja på sjølve sirkelen. For å teikne eit sirkelsegment, hald nede Shift medan du dreg musepeikaren.
Tekstfelt
Tekstanimasjon
Snakkebobler
Teiknar ei linje som endar i ei rektangulær snakkeboble med vassrett tekstretning. Klikk og dra ut linja i dokumentet. Dra i eit handtak på forklaringsruta for å endra storleiken på ho. Trykk på kanten av forklaringsruta for å skriva eller lima inn tekst. For å endra frå ei rektangulær rute til ei oval rute, kan du dra i dei største hjørne handtaka når musepeikaren vert til ei hand.
Punkt
Lèt deg endra på punkta i teikninga.
Frå fil
3D-effektar på/av
Slår på eller av 3D-effektane for dei valde objekta.
Loddrette snakkebobler
Teiknar ei linje som endar i ei rektangulær snakkeboble med vassrett tekstretning. Klikk og dra ut linja i dokumentet. Dra i eit handtak på snakkebobla for å endra storleiken på ho. Trykk på kanten av snakkebobla for å skriva eller lima inn tekst. For å endra frå ei rektangulær boble til ei oval boble, kan du dra i dei største hjørnehandtaka når musepeikaren vert til ei hand. Er berre tilgjengeleg når støtte for asiatiske språk er slått på.
Loddrett tekst
Teiknar ein tekstboks med loddrett tekstretning der du trykkjer og dreg i dokumentet. Trykk ein stad i dokumentet og skriv eller lim inn teksten. Du kan også flytta musepeikaren dit du vil leggja inn teksten, dra ein tekstboks, og så skriva eller lima inn teksten. Berre tilgjengeleg når støtte for asiatiske språk er slått på.