Data (for XML-skjemadokument)

Fana «Data» i dialogvindauget «Eigenskapar» for eit XML-skjemadokument inneheld ein del innstillingar for XML-skjemadokument.

For å bruka denne funksjonen …

Opna lokalmenyen til eit vald kontrollelement i XML-skjemadokumentet og vel fana Kontrollelement → Data

Opna verktøylinja «Kontrollelement for skjema» i XML-skjemadokumentet, trykk på Kontrollelement og vel fana Data.


Dei innstillingane som kan gjerast på Data-fana varierer mellom ulike kontrollelement. Det er berre dei innstillingane som gjeld for kontrollelementet i den samanhengen det står som er tilgjengelege. Dei følgjande felta finst:

XML-datamodell

Vel ein modell frå lista over alle modellane i det gjeldande dokumentet.

Blinkande

Vel eller skriv inn namnet på ei binding. Vel du namnet på ei eksisterande binding, vert bindinga knytt til kontrollelementet. Skriv du inn eit nytt namn, vert det laga ei ny binding som vert knytt til formkontrollen.

Bindingsuttrykk

Fyll inn DOM-noden kontrollmodellen skal bindast til. Trykk på «…»-knappen for å opna eit dialogvindauge der XPath-uttrykket kan skrivast inn.

Påkravd

Vel om elementet må vera med i X-skjemaet.

Relevant

Viser at elementet er relevant.

Skriveverna

Viser at elementet er skriveverna.

Skranke

Viser at elementet er avgrensa.

Utrekning

Angjev at elementet er utrekna.

Datatype

Vel datatype som kontrollelementet skal validerast mot.

x

Marker ein brukardefinert datatype og trykk på knappen for å fjerna han.

+

Trykk på knappen for å opna eit dialogvindauge der du kan skriva inn namnet på ein ny brukardefinert datatype. Den nye datatypen arvar alle fasettane frå den valde datatypen.

Merknadsikon

Her er lista over alle fasettar som er gyldige for datatypar. Nokre fasettar er berre tilgjengelege for visse datatypar.


Blankteikn

Bestemmer korleis blankteikn skal handterast når ein streng av den gjeldande datatypen vert handtert. Moglege verdiar er «Ta vare på», «Byt ut» og «Fald saman». Sematikken følgjer definisjonane på http://www.w3.org/TR/xmlschema-2/#rf-whiteSpace.

Mønster

Spesifiserer eit regulært uttrykk. Tekststrenger som vert kontrollert mot datatypen, må følgja dette mønsteret for å vera gyldige. Syntaksen for regulære uttrykk i samband med XSD-datatypar er forskjellig frå den syntaksen som vert brukt andre stader i LibreOffice; for eksempel i dialogvindauget «Søk og erstatt».

Siffer (i alt)

Angjev det høgste talet på siffer som verdiar av datatypen desimal kan ha.

Siffer (brøk)

Angjev det høgste talet på desimalar som verdiar av datatypen desimal kan ha.

Høgst (inklusiv)

Set ei inklusiv øvre grense for verdiar.

Høgst (eksklusiv)

Bestemmer ei eksklusiv øvre grense for verdiar.

Minst (inklusiv)

Bestemmer ei inklusiv nedre grense for verdiar.

Minst (eksklusiv)

Bestemmer ei eksklusiv nedre grense for verdiar.

Lengd

Bestemmer kor mange teikn i ein tekststreng.

Lengd (minst)

Set det minste talet på teikn i ein streng.

Lengd (høgst)

Skriv inn det høgste talet på teikn i ein tekststreng.