Eksportert som PDF

Lagrar den gjeldande fila som Portable Document Format (PDF) versjon 1.4. Ei PDF-fil kan visast og skrivast ut på alle plattformer utan å endra originalformateringa viss dei nødvendige programma er installerte.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Fil → Eksporter som → Eksporter som PDF

Ikon

Eksporter direkte som PDF


Fana «Generelt»

Område

Set eksportinnstillingane for sidene i PDF-fila.

Alt

Eksporterer alle oppgjevne fargeområde. Dersom det ikkje er oppgjeve noko fargeområde vert heile dokumentet eksportert.

Side

Eksporter sidene du skriv i feltet.

Bruk formatet «3-6» for å eksportera samanhengande sider. Bruk formatet «7;9;11» for å eksportera enkeltsider. Viss du vil, kan du eksportera ei blanding av sideintervall og enkeltsider ved å bruka eit format som «3-6;8;10;12».

Utval

Eksporterer utvalet.

Bilete

Set eksportinnstillingane for PDF for bilete i dokumentet.

Merknadsikon

EPS-bilete med innebygde førehandsvisingar vert eksporterte berre som førehandsvisingar. EPS-bilete utan innebygde førehandsvisingar vert eksporterte som tomme plasshaldarar.


Tapsfri komprimering

Vel ei biletkomprimering utan tap. Alle biletpunkt vert tekne vare på.

JPEG-komprimering

Vel JPEG-komprimering av bilete. Denne metoden har eit høgt kvalitetsnivå som gjer at nesten alle pikslane vert tatt vare på. Med eit lågt kvalitetsnivå vert mange av pikslane borte medan andre pikslar vert stipulerte og lagt til, men fila vert mindre.

Utskriftskvalitet

Vel kvalitetsnivå for JPEG-komprimeringa.

Reduser biletoppløysinga

Vel å gjera om biletet til å ha færre biletpunkt per centimeter.

Vel måloppløysing for bileta.

Generelt

Set generelle PDF-eksportinnstillingar.

Hybrid-PDF (innebygd ODF-fil)

Desse innstillingane gjer at du kan eksportera dokumentet som ei .pdf-fil som inneheld dei to filformata PDF og ODF. I PDF-lesarar oppfører fila seg som ei normal .pdf-fil, samstundes som fila kan redigerast som normalt i LibreOffice.

PDF/A-1a (ISO 19005-1)-arkiv

Konverterer til PDF/A-1a-formatet. Dette er eit elektronisk dokumentformat til langsiktig lagring. Alle skrifttypar som er brukte i kjeldedokumentet vert lagde inn i PDF-fila. PDF-taggar vert også skrivne inn.

Tagga PDF (legg til dokumentstrukturen)

Vel å skriva PDF-taggar. Dette kan gjera fila svært mykje større.

Tagga PDF inneheld informasjon om strukturen til innhaldet i dokumentet. Dette kan vera til hjelp når dokumentet skal visast på einingar med ulike skjermar, og når skjermlesarprogram vert brukt.

Eksporter bokmerke

Vel å eksportera bokmerke i Writer-dokument som PDF-bokmerke. Bokmerke vert laga for alle overskriftene (Verktøy → Kapittelnummerering) og for alle elementa i innhaldslista som du har tildelt lenkjer i kjeldedokumentet.

Eksporter merknadar

Vel denne om du vil eksportera merknadar i Writer- og Calc-dokument som PDF-notat.

For å eksportera merknadar i Writer-dokument slik dei vert viste i LibreOffice, vel → LibreOffice Writer → Skriv ut og vel I margane i området Merknadar. Den eksporterte sida vert skalert ned og merknadane vert viste i margane.

Lag PDF-skjema

Vel å laga eit PDF-skjema. Dette skjemaet kan fyllast inn og skrivast ut av brukaren av PDF-dokumentet.

Innsendingsformat

Vel format på sending av skjema frå inni PDF-fila.

Vel det dataformatet som du får frå avsendaren: FDF (Forms Data Format), PDF, HTML eller XML.

Denne innstillinga overkøyrer adresseeigenskapen til kontrollelementet som du har sett i dokumentet.

Tillat like feltnamn

Tillet at det same feltnamnet vert brukt på fleire felt i den genererte PDF-fila. Viss denne er slått av, vert feltnamna eksporterte med unike genererte feltnamn.

Eksporter automatisk innsette tomme sider

Viss dette er slått på, vert automatisk innsette tomme sider skrivne ut. Dette er det beste viss du skriv ut på begge sider av arka. For eksempel er ein avsnittsstil for kapittel i ei bok sett til alltid å byrja med ei oddetalsside. Dersom det førre kapittelet sluttar på ei oddetalsside, set LibreOffice inn ei tom partalsside. Dette valet bestemmer om denne partalssida skal skrivast ut eller ikkje.

Bruk XObject-referansar

Dette valet påverkar korleis PDF-bilete vert eksporterte tilbake til PDF. Når dette valet er kopla frå, vert den første sida med PDF-data tatt med i utdataane. PDF-eksporten flettar dei brukte bileta, skrifttypar og anna som måtte høyra med under eksporten. Dette er ein kompleks operasjon, men resultatet kan visast i ulike lesarar. Når dette valet er slått på, vert markeringsspråket XObject brukt. Dette er ein enkel operasjon, men leseprogramma må ha støtte for dette markeringsspråket for å visa vektorbilete. Utan slik støtte vert bileta viste som punktbilete.

Første vising

Side

Berre side

Merk av denne for å laga ei PDF-fil som viser berre sideinnhaldet.

Bokmerke og side

Vel for å laga ei PDF-fil som viser ein bokmerkestolpe og sideinnhaldet.

Miniatyrbilete og side

Merk av denne for å laga ei PDF-fil som viser miniatyrbilete i ein sidestolpe, og sideinnhaldet.

Opna på side

Vel denne for å visa ei bestemt side når lesaren opnar PDF-fila.

Forstørring

Standard

Vel for å laga ei PDF-fil som viser sideinnhaldet uten å forstørre det. Viss PDF-lesaren er sett opp til å bruka ei forstørring som standard, vert sida vist med den forstørringa.

Tilpass til vindauget

Vel for å laga ei PDF-fil som viser sida forstørra til heile lesarvindauget.

Sidebreidd

Vel for å laga ei PDF-fil som viser sida forstørra til breidda på lesarvindauget.

Tilpass til det synleg området

Vel for å laga ei PDF-fil som viser teksten og bileta på sida forstørra for å passa breidda til lesarvindauget.

Skaleringsfaktor

Vel ei bestemt forstørring når lesaren opnar PDF-fila.

Sideoppsett

Standard

Vel for å laga ei PDF-fil som viser sidene i standardoppsettet for lesaren.

Enkeltside

Merk av denne for å laga ei PDF-fil som viser ei side om gongen.

Samanhengande

Merk av denne for å laga ei PDF-fil som viser sidene i ein samanhengande loddrett kolonne.

Samanhengande motståande

Merk av denne for å laga ei PDF-fil som vert vist side om side i ein samanhengande kolonne. Ved meir enn to sider, vert den første sida vist til høgre.

Første side til venstre

Merk av denne for å laga ei PDF-fil som viser sidene side ved side i ein kontinuerleg kolonne. Er det meir enn to sider, vert den første sida vist til venstre. For at denne skal vera tilgjengeleg, må støtte for kompleks tekstutforming (CTL) vera aktivert i språkinnstillingane.

Brukargrensesnitt

Vindaugeinnstillingar

Tilpass vindauget til framsida

Vel for å laga ei PDF-fil som viser heile førstesida i vindauget.

Legg vindauget midt på skjermen

Vel for å laga ei PDF-fil som opnar PDF-lesaren i eit vindauge midt på skjermen.

Opna i fullskjermmodus

Vel for å laga ei PDF-fil som opnar PDF-lesaren i fullskjermmodus over alle andre vindauge.

Vis dokumenttittel

Vel denne for å laga ei PDF-fil som viser dokumenttittelen i tittellinja til PDF-lesaren.

Val for brukargrensesnittet

Gøym menylinja

Merk av denne for å gøyma menylinja til PDF-lesaren når dokumentet er i bruk.

Gøym verktøylinja

Merk av denne for å gøyma menylinja til PDF-lesaren når dokumentet er i bruk.

Gøym vindaugskontrollane

Merk av denne for å gøyma vindaugekontrollane til PDF-lesaren når dokumentet er i bruk.

Overgangar

Bruk overgangseffektar

Merk av denne for å eksportera overgangseffektar i Impress-lysbilete til tilsvarande PDF-effektar.

Bokmerke

Alle bokmerkenivå

Vel for å visa alle bokmerkenivåa når PDF-lesaren opnar PDF-fila.

Synlege bokmerkenivå

Vel for å visa bokmerkenivå ned til det valde nivået når PDF-lesaren opnar PDF-fila.

Fana lenkjer

Bestemmer korleis bokmerke og lenkjer skal eksporterast i dokumentet.

Eksporter bokmerke som mål med namn

Bokmerka (referansemåla) i PDF-filer kan setjast til rektangulære område. I tillegg kan bokmerke til namngjevne objekt definerast med namn. Aktiver denne avkryssingsboksen for å eksportera namna til objekt i dokumentet som gyldige mål for bokmerke. Dette gjer det mogleg å referera til desse objekta frå andre dokument.

Gjer om dokumentreferansar til PDF-mål

Merk av i denne avkryssingsboksen for å gjera om adresser som refererer til andre ODF-filer, til PDF-filer med det same namnet. I referanseadressene vert filtypane .odt, .odp, .ods, .odg og .odm endra til filtypen .pdf.

Eksporter nettadresser relativt til filsystemet

Aktiver denne avkryssingsboksen for å eksportera adresser til andre dokument som relative adresser i filsystemet. Sjå "Relative lenkjer" i hjelp.

Lenkjer på tvers av dokument

Vel korleis lenkjer i PDF-fila til andre filer skal handterast.

Standardmodus

Lenkjer i PDF-dokumentet til andre dokument vert handterte i høve til innstillingane i operativsystemet.

Opna med PDF-lesar

Lenkjer på tvers av dokument vert opna med PDF-lesaren som viser dokumentet. PDF-lesaren må kunna handtera filtypen som er brukt i lenkja.

Opna med nettlesar

Lenkjer på tvers av dokument vert opna med nettlesaren. Nettlesaren må kunna handtera filtypen som er brukt i lenkja.

Trygging

Lagra passord

Opnar eit dialogvindauge der du kan sjå signaturen.

Du kan setja eit passord som må brukast for å visa PDF-dokumentet. Du kan også skriva inn eit valfritt passord som tillet den som ser dokumentet å redigera og/eller skriva ut dokumentet.

Utskriving

Ikkje tillate

Det er ikkje tillate å skriva ut dokumentet.

Låg oppløysning (150 dpi)

Dokumentet kan skrivast ut berre i låg oppløysing (150 dpi). Ikkje alle PDF-lesarane har denne innstillinga.

Høg oppløysing

Dokumentet kan skrivast ut i høg oppløysing.

Byt

Ikkje tillate

Det er ikkje tillate å gjera endringar i innhaldet.

Setja inn, sletta og rotera sider

Det er berre lov å setja inn, slette og rotere sider.

Utfylling av skjemafelt

Berre utfylling av skjemafelt er tillate.

Kommentera, fylla ut skjemafelt

Det er berre lov å kommentera og fylla ut skjemafelt.

Alt utanom å ta ut sider

Alle endringar er lov, unntatt å ta ut sider.

Tillat kopiering av innhald

Merk av denne for å tillata kopiering av innhald til utklippstavla.

Slå på teksttilgang for tilgjengeverktøy

Vel for å slå på teksttilgang for tilgjengeverktøy.

Digital signatur fane

Denne fana inneheld vala som er relaterte til eksport av ei digitalt signert PDF-fil.

Digitale signaturar vert brukte for å vera sikker på at PDF-fila verkeleg er laga av forfattaren (det vil seia deg) og at dokumentet ikkje er endra etter at det vart signert.

Den signerte PDF-fila bruker nøklane og X-509-sertifikatet som er lagra i standard lagringsmedium eller på eit smartkort.

Når du bruker smartkort, må kortet vera sett opp slik at det kan brukast frå nøkkelstaden. Dette er til vanleg ordna når programmet for smartkortet vert installert.

Bruk dette sertifikatet til digital signering av PDF-dokument

Gjev deg høve til å velja eit sertifikat for å signera denne PDF-eksporten.

Vel

Opnar dialogvindauget Vel sertifikat.

Alle sertifikata funne i det valde nøkkellageret vert viste. Dersom nøkkellageret er verna av eit passord, vert du beden om å skriva inn dette. Dersom smartkortet er verna med PIN-kode, vert du beden om å skrive inn denne.

Vel sertifikatet som skal brukast for å signere det eksporterte PDF-dokumentet på den tilsvarande linja og trykk OK.

Alle dei andre felta i fana Digitale signaturar er tilgjengelege først når eit sertifikat er vald.

Sertifikatpassord

Skriv inn passordet som er brukt for å verna den private nøkkelen som høyrer til det valde sertifikatet. Til vanleg er dette det same passordet som er brukt for å verna nøkkellageret.

Merknadsikon

Viss passordet for nøkkellageret alt er skrive inn i dialogvindauget Vel sertifikat, kan nøkkellageret alt vere tilgjengeleg og treng såleis ikkje passordet igjen. For å vere på den sikre sida, bør du likevel skriva det inn.


Åtvaringsikon

Skriv PIN-koden her når du nyttar eit smartkort. Nokre smartkortprogram vil be om at du skriv PIN-koden ein gong til før signeringa. Dette er tungvindt, men det er slik smartkorta verkar.


Plassering, kontaktinformasjon, årsak

Desse tre felta vert brukte for å eventuelt skriva inn tilleggsinformasjon om den digitale signaturen som er brukt på PDF-dokumentet. (Kvar, av kven og kvifor det vart laga). Opplysningane vert lagt inn i dei tilhøyrande PDF-felta og vert synlege for alle som opnar PDF-dokumentet. Einskilde felt eller alle felta kan vera tomme.

Time Stamp Authority

Gjev deg høve til å velja ein Time Stamping Authority (TSA)-URL.

Gjennom PDF-signeringa vert TSA brukt for å laga eit digitalt signert tidsstempel som vert bygd inn i signaturen. Dette (RFC 3161) tidsstempelet gjer at alle som ser PDF-dokumentet kan verifisere når dokumentet vart signert.

Lista over TSA-URL-ar som du kan velja mellom vert styrt frå → LibreOffice → Tryggleik → TSA-ar.

Dersom det ikkje er vald ein TSA-URL (standardinnstillinga), vil signaturen ikkje få tidsstempel. I staden vert det gjeldande tidspunktet frå datamaskinen brukt.

Knappen Eksport

Eksporterer den gjeldande fila i PDF-format.