Eksporter som EPUB
Eksporter den gjeldande fila til EPUB.
EPUB er standard for electroniske bokfiler med filutvidinga .epub som kan lastast ned og lesast på utstyr som for eksempel smaorttelefon, lesebrett, datamaskiner eller liknande.
Generelt
Versjon
Bestemmer versjonen av EPUB-fila.
Delemetode:
Vel starttype for det neste EPUB-avsnittet.
-
Overskrift: Byrjar det neste avsnittet med overskrifter ut frå disposisjonsnummereringa sett for dokumentet.
-
Sideskift: Byrjar det nye avsnittet med eit sideskift.
Utformingsmetode
Bestemmer om det skal lagast ei flytande eller ei fast EPUB-utforming.
-
Ombrekkbar: Innhaldet flyt eller vert brekt om for å passa til skjermen og kva brukaren ønskjer.
-
Fast: Gjev større kontroll over presentasjonen når ombrekkbar EPUB ikkje passar til indhaldet.
Sjølvvald omslagsbilete:
Skriv inn den fulle stien til fila med den sjølvvalde framsidea. Viss oppføringa er tom, vel eksportprosessen framsida i mediemappa (sjå nedanfor) når namnet er eitt av desse: cover.gif, cover.jpg, cover.png eller cover.svg.
Det sjølvvalde framsidebiletet er innebygd i EPUB-fila.
Tilpassa mediebibliotek
Skriv inn mappa for den tilpassa EPUB-fila. Mediamappa kan innehalde eit framsidebilete som vist ovanfor, tilpassa metadata og biletlenkjer.
Som standard ser eksportprosessen etter tilpassa media og tilpassa mediedata i den gjeldande dokumentmappa i ei mappe med det same namnet som dokumentfila. Viss namnet på dokumentet for eksempel er , MinTekst.odt, er standard-mediemappa til framsida og metadata MinTekst i den gjeldande mappa.
For tilpassa metadata må du ha ei fil med det same nanet som det opphavlege filnamnet og med filutvidinga «.xmp». Dei innskrivne metadataa vil overskriva metadataa i det interne dokumentet. I eksemplet ovanfor må dei tilpassa metadataa finnast i mappa MinTekst som MinTekst.xmp.
Biletlenkjer betyr at dersom du lagar relative lenkjer på eit bilete eller ein tekst til eit bilete som er tilgjengeleg i mediebiblioteket, vert media tilgjengelege i EPUB-eksporten som oppsprettvindauge.
Metadata
Skriv inn dei tilpassa metadataa. Desse vil overskriva metadataa i dokumentet. Tekstfelta kan vera tomme.
Identifikator
Skriv inn ein unik identifikator for publikasjonen.
Tittel
Skriv inn tittelen på publikasjonen
Forfattar
Skriv inn forfattar av publikasjonen
Språk
Språk for publikasjonen (sjå RFC4646 og ISO 639 for moglege verdiar).
Dato
Doto for siste endring av publikasjonen. Verdien for denne eigenskapen må vera i XML-skjemaformatet CCYY-MM-DDThh:mm:ssZ. Normalt vert datoen og klokkeslettet eksportvindauget vart opna brukt.