Utvidingshandsamar

Utvidingshandteraren kan leggja til, fjerna, kopla på eller av og oppdatera LibreOffice-utvidingar.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Verktøy → Utvidingar


Nokre eksempel på LibreOffice-utvidingar:

  1. UNO-komponentar (kompilerte programmodular)

  2. Oppsetjingsdata (til menykommandoar)

  3. LibreOffice Basic-bibliotek

  4. LibreOffice-dialogvindaugebibliotek

  5. Utvidingsfiler (*.oxt-filer som inneheld ei eller fleire utvidingar).

Utvidingsomfang

Brukarar med administrator- eller rotrettar får opp eit dialogvindauge der dei kan velja å installere utvidingar «for alle brukarar» (Delt) eller «berre for meg» (Brukar). Vanlege brukarar uten slike rettar kan berre installere, fjerna eller endra utvidingar for seg sjølv.

  1. Ein brukar med rot- eller administratorrettar kan installere ei utviding som ei delt utviding som er tilgjengeleg for alle brukarane. Etter at du har vald ei utviding vert det opna eit dialogvindauge der du kan velja å installere for den gjeldande brukaren eller alle brukarane.

  2. Ein brukar som ikkje har administratorrettar kan berre installera utvidingar til eige bruk. Det vert kalla ei brukarutviding.

Slik installerer du ei utviding

Ei utviding er tilgjengeleg som ei fil av filtypen *.oxt.

Du kan finna ei samling av utvidingar på Internett. Klikk på «Hent fleire utvidingar på Internett» i utvidingshandteraren for å opna nettlesaren med sida til http://extensions.libreoffice.org/.

Slik installerer du ei brukarutviding

Gjer éin eller fleire av desse:

  1. Dobbeltklikk på *.oxt-fila i datamaskinen sin filhandterar.

  2. Trykk på ein lenkje til ei *.oxt-fil på ei nettside (viss nettlesaren kan setjast opp til å opna utvidingshandteraren for denne filtypen).

  3. Vel Verktøy → Utvidingar og vel Legg til ….

Slik installerer du utvidingar i tekstmodus (for systemadministratorar)

  1. Opna ein terminal eller ei kommandolinje som administrator.

  2. Byt til programmappa på installasjonen.

  3. Skriv inn følgjande kommando med stien og filnamnet til utvidinga du vil installere:

    unopkg add --shared sti_filnamn.oxt

Vel utvidinga som du vil fjerna eller slå av eller slå på. Nokre utvidingar har også eit vindauge for innstillingar tilgjengeleg.

Legg til

Trykk på «Legg til» for å leggja til ei utviding.

Det vert opna eit fildialogvindauge der du kan velja utvidingane som du vil leggja til. Trykk på «Opna» for å kopiera og registrere den valde utvidinga.

Ei utviding kan visa eit dialogvindauge med lisensopplysningar. Les lisensvilkåra. Bruk rulleknappen for å rulle ned. Trykk på knappen «Aksepter» for å fortsetja å installere utvidinga.

Fjern

Vel utvidinga du vil fjerna og trykk «Slett».

Slå på

Merk utvidinga du vil bruka og trykk på knappen «Bruk».

Slå av

Merk utvidinga du vil bruka og trykk på knappen «Slå av».

Oppdater

Trykk for å sjå etter oppdateringar på Internett for alle installerte utvidingar. Vel «Oppdater» frå sprettoppmenyen til dei valde utvidingane for å leite etter oppdateringar berre for desse. Programmet vil straks byrje å sjå etter tilgjengelege oppdateringar Du får opp dialogvindauget Oppdatering av utvidingar.

Innstillingar

Vel ei installert utviding og trykk på denne knappen for å opna innstillingsvindauget til utvidinga.

Vis utvidingar

Du kan filtrere lista med utvidingar ut frå virkefeltet deira.

Bunta med LibreOffice

Bunta utvidingar vert installerte av systemadministratoren ved hjelp av installasjonspakkane i operativsystemet. Desse kan ikkje installerast, oppdaterast eller fjernast her.

Installert for alle brukarar

Filtrerer utvidingar tilgjengelege for alle brukarane av datamaskinen. Du må vera administrator for å kunna endra desse.

Installert for gjeldande brukar

Dette viser utvidingar som berre er tilgjengelege for den brukaren som er logga inn.

Nokre tilleggskommandoar opptrer i sprettoppmenyen for ei utviding i utvidingshandteraren, avhengig av kva utviding som er vald. Du kan velja å sjå lisensteksten igjen. Du kan også velja at utvidinga ikkje skal kontrollerast for oppdateringar, eller at ei utviding som er utelate skal kontrollerast for oppdateringar igjen.