Sjå etter oppdateringar

Ser etter tilgjengelege oppdateringar til din versjon av LibreOffice. Dersom ein nyare versjon er tilgjengeleg, kan du velja å lasta ned oppdateringa. Etter nedlastinga kan du installera oppdateringa dersom du har skriverettar i installasjonsmappa.

Når nedlastinga byrjar, vil du sjå ei statuslinje og tre knappar i dialogvindauget. Du kan setja nedlastinga på pause og halda fram ved å velja «Pause» og «Fortsett». Vel «Avbryt» for å avbryta nedlastinga og sletta den delvis overførte fila.

I standardoppsettet vert nedlastingane lagra på skrivebordet. Du kan endre mappa som den nedlasta fila vert lagra i frå → LibreOffice → Nettoppdatering.

Når nedlastinga er ferdig, kan du velja «Installer» for å byrja å installere oppdateringa. Eit vindauge vil be om stadfesting, der også kan du velja å lukke LibreOffice.

Merknadsikon

I nokre operativsystem kan det vera nødvendig å opna nedlastingsmappa, pakke ut den nedlasta fila og starta oppsettsskriptet.


Når du har installert oppdateringa, kan du slette den nedlasta fila for å spare diskplass.