Sjå etter oppdateringar
Du kan sjå etter oppdateringar manuelt eller automatisk.
Når programmet ser etter oppdateringar, vil det også sjå etter oppdateringar for alle installerte utvidingar.
Vel
for å søke manuelt.Du kan slå den automatiske kontrollen av og på i LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → LibreOffice → Nettoppdatering.
-
Viss ei oppdatering er tilgjengeleg, vert du gjort merksam på dette med eit ikon på menylinja. Klikk på ikonet for å opna eit vindauge med meir informasjon om oppdateringa.
Du får opp dialogvindauget Sjå etter oppdateringar med informasjon om nettoppdatering av LibreOffice.
-
Aktivere eit Internettsamband for LibreOffice.
Dersom du treng ein mellomtenar (proxy), skriv du inn innstillingane for mellomtenaren i LibreOffice - InnstillingarVerktøy → Innstillingar → Internett → Mellomtenar.
-
Vel
for å sjå om ein nyare versjon av kontorpakka er tilgjengeleg.
Dersom ein nyare versjon er tilgjengeleg og LibreOffice ikkje er sett opp til å lasta dei ned automatisk, kan du velja ei av desse handlingane:
-
Last ned den nye versjonen.
-
Installer dei nedlasta filene.
-
Avbryt dette søket etter oppdateringar inntil vidare.
Dersom LibreOffice er sett opp til å overføre filene automatisk, byrjar nedlastinga straks. Nedlastinga held fram sjølv om du minimerer dialogvindauget.
Dersom automatisk nedlasting er kopla i frå, må du lasta ned manuelt.
Dersom det ikkje vart funne oppdateringar, kan du lukka dialogvindauget.
Du treng administratorrettar for å oppdatere LibreOffice.