Bruk av notisblokklinja

Notisblokklinja er ein ny måte å visa ikon for meir effektiv bruk

Åtvaringsikon

Denne funksjonen er eksperimentell og kan laga feil eller gje uventa resultat. Vil du likevel bruka han, vel > → LibreOffice → Avansert og merk av for Slå på eksperimentelle funksjonar.


Som standard er kommandoane LibreOffice grupperte i samanhengande menyar og i verktøylinjer med ikon.

Notisblokklinja viser ein annan måte å organisere funksjonar og ikon på enn som rette linjer med ikon som viser samanhengande grupper med kommandoar og innhald.

I notisblokklinja er ofte brukte kommandoar grupperte slik at dei er raskare å bruka og slik unngår lange menyar og verktøylinjer.

Notisblokklinja er tilgjengeleg i Writer, Calc og Impress. Brukargrensesnittet har nå fleire utformingar. Notisblokklinja vert kontrollert frå to oppføringar i menyen Vis: Verktøylinje oppsett og Notisblokklinje.

For å bruka denne funksjonen …

Vel menyen Vis → Verktøylinje utforming → Notisboklinje


Utforming av brukargrensesnittet

Vala i innstillingane for verktøylinjer bestemmer kva for element som skal visast i brukargrensesnittet. Dei tilgjengelege utformingane er:

Når brukaren aktiverer andre verktøylinjer, vert dei lagra i brukarprofilen. Når du kjem tilbake til denne modusen, vert verktøylinjene sett opp slik dei var sist gong dei var i bruk

Tilgjengelege modus for notisboklinjer

Merknadsikon

I fanemodus vert menylinja normalt ikkje vist. Du kan få fram menylinja ved å klikka på symbolet «≡» oppe til venstre i vindauget og velja Menylinje.


Tipsikon

Storleiken på symbola på notisblokklinja kan endrast i menyen Verktøy → Innstillingar → LibreOffice → Vis → Symbolstorleik på notisblokklinja.


Merknadsikon

Noteboklinja kan ikkje tilpassast av brukaren.


Åtvaringsikon

Den gjeldande versjonen (LibreOffice 6.1) av notisblokklinja er felles for Writer, Calc og Impress. Endringar i notisblokklinja i ein av desse vert også gjeldande i dei andre.