Lyd eller video
Set inn ei video- eller lydfil i dokumentet.
Slik set du inn ei film- eller lydfil i dokumentet
-
Klikk der du vil setja inn fila.
-
Vel Set inn → Media → Lyd eller Video. For LibreOffice Impress, vel Set inn → Lyd eller Video.
-
Merk fila du vil setja inn i dialogvindauget for opning av filer.
Filtypane som er lista i dette dialogvindauget vert ikkje støtta av alle operativsystema.
-
Klikk på feltet Lenkje viss du vil lenka til originalfila. Viss denne ikkje er merkt, vert mediefila lagt inn i fila (gjeld ikkje alle filformat).
-
Trykk på Opna.
Du kan også opna mediespelaren frå Bruk i mediespelaren for å setja inn den gjeldande mediefila i dokumentet.
. Bruk mediespelaren for å førehandsvisa alle støtta mediefiler. Trykk på knappenSlik spelar du av ei film- eller lydfil
-
Klikk på objektsymbolet for film- eller lydfila i dokumentet.
Viss ikonet er plassert på bakgrunnen, hald nede Ctrl-tasten medan du klikkar.
Verktøylinja for medieavspeling kjem fram.
-
Trykk på Spel på verktøylinja Medieavspeling.
Når du opnar ein Impress-presentasjon, vert den innebygde lyd- eller videofila spela av automatisk til ho når slutten eller du går ut av sida.
Du kan også bruka verktøylinja Medieavspeling for å pause, stoppe og gjenta filmen, og for å stille inn lydstyrken eller slå lyden av under avspeling av fila. Den gjeldande avspelingsposisjonen i fila vert vist på venstre glidebrytaren. Bruk glidebrytaren til høgre for å stilla inn lydstyrken. For filmfiler innehelder verktøylinja også ein listeboks, der du kan velja forstørringsfaktoren for avspelinga.
Støtta mediaformat
LibreOffice brukar mediaformata som er støtta av datamaskinen.
-
For Microsoft Windows: LibreOffice kan opna alt som det er installert DirectShow-filter for i (liste over standardformat).
-
For GNU/Linux: LibreOffice brukar gstreamer, så alt som kan spelast via gstreamer kan brukast i LibreOffice (liste over definerte typar).
-
For Apple macOS: LibreOffice brukar mediaformat som er støtta av QuickTime viste i (liste over mediaformat).