Mediespelar

Opnar dialogvindauget for mediespelarar der du kan førehandsvisa video- og lydfiler i tillegg til å setja desse filene inn i dokumentet.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Verktøy → Mediespelar


Mediespelaren har støtte for mange ulike medieformat. Du kan også setja inn mediefiler frå mediespelaren i eit dokument.

Opna

Opnar ei filmfil eller ei lydfil som du vil førehandsvise.

Bruk

Sett inn den gjeldande film- eller lydfila som eit medieobjekt i det gjeldande dokumentet.

Spel

Spelar av den gjeldande fila.

Pause

Lag pause eller byrja å spela den gjeldande fila igjen.

Stopp

Stoppar avspelinga av den gjeldande fila.

Gjenta

Gjenta avspelinga av fila automatisk.

Demp

Slår lyden av og på.

Glidebrytar for volum

Juster volumet.

Vis

Juster storleiken på filmavspelinga.

Glidebrytar for plassering

Flytter til ein annan stad i fila.