Formateringsteikn

Opnar ein undermeny for å setja inn spesielle formateringsteikn som hardt mellomrom, mjuk bindestrek og mjukt linjeskift.

Hardt mellomrom

Set inn eit mellomrom som gjer at tilgrensande teikn vert haldne saman på same linje ved linjeskift.

Hard bindestrek

Set inn ein bindestrek som vil halda teikn som står inntil kvarandre på same linje ved linjeskift.

Mjuk bindestrek

Set inn ein usynleg bindestrek i eit ord. Denne bindestreken vert synleg berre når han kjem på slutten av ei linje og lagar linjeskift.

Splitteikn utan breidd

Set inn eit usynleg mellomrom i eit ord. Dette mellomrommet vil setja inn eit linjeskift når det vert det siste ordet på ei linje. Dette er berre tilgjengeleg når kompleks tekstutforming (CTL) er slått på.

Samanbindingsteikn utan breidd

Set inn eit usynleg mellomrom i eit ord. Dette mellomrommet gjer at heile ordet vert halde saman utan å verta delt på slutten av ei linje.Dette er berre tilgjengeleg når kompleks tekstutforming (CTL) er slått på.

Venstre-til-høgre-merke

Sett inn eit tekstretningsmerke som bestemmer retninga på teksten som følgjer etter merket. Dette er berre tilgjengeleg viss støtte for kompleks tekstutforming (CTL) er slått på.

Høgre-til-venstre-merke

Sett inn eit tekstretningsmerke som bestemmer retninga på teksten som følgjer etter merket. Dette er berre tilgjengeleg viss støtte for kompleks tekstutforming (CTL) er slått på.