Oppdater utvidingane

Trykk på Sjå etter oppdateringar i Utvidingar for å sjå etter oppdateringar til alle installerte utvidingar. Trykk med høgre museknapp på ei enkelt utviding for å opne sprettoppmenyen og vel Oppdater for å oppdatera berre den utvidinga.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Verktøy → Utvidingar og trykk på knappen Oppdater.


Når du klikkar på knappen Sjå etter oppdateringar eller vel kommandoen Oppdater, vert dialogvindauget for oppdatering av utvidingar opna og straks sjå etter om det er tilgjengelege oppdateringar.

Når programmet ser etter oppdateringar, kjem det fram ein framdriftsvisar. Vent på meldingar i vindauget, eller trykk på «Avbryt» for å bryta av søket etter oppdateringar.

Dersom ingen oppdateringar er tilgjengelege, får du ei melding om at det ikkje er nokon oppdateringar. Lukk dialogvindauget.

Dersom det finst oppdateringar, kan oppdateringane installerast automatisk, eller du må bekrefte det:

Dialogvindauget for oppdatering av utvidingar kan innehalda utvidingar som ikkje kan veljast og difor heller ikkje kan oppdaterast automatisk.

Når du trykkjer på knappen Installer, vil vindauget for nedlasting og installering kome opp.

Alle utvidingane som kan lastast ned direkte, er nå lasta ned. Framgangen vert vist i vindauget «Nedlasting og installering». Dersom ei utviding ikkje kan lastast ned, vert det vist ei melding om dette. Handlinga held fram for dei andre utvidingane.

Nokre utvidingar kan vera merkte med «nettlesar-basert oppdaterering». Desse utvidingane kan ikkje lastast ned av pakkehandteraren. Oppdateringar må då lastast ned frå ei bestemt nettside ved å opna ho i ein nettlesar. Nettsida kan krevja fleire handlingar for å få lasta ned utvidinga. Etter å ha lasta ho ned, må du installera utvidinga manuelt, for eksempel ved å dobbeltklikka på ikonet til utvidinga i ein filhandterar.

For utvidingar merkte med «nettlaserbasert oppdatering» opnar pakkehandteraren den aktuelle nettsida i ein nettlesar. Det skjer når du lukker dialogvindauget etter å ha lasta ned andre utvidingsoppdateringar. Dersom det ikkje er utvidingar som kan lastast ned direkte, vert nettlesaren opna straks.

Installasjonen byrjar når den siste utvidinga er lasta ned. Først vert alle eksisterande utvidingar som det er lasta ned oppdatering for fjerna. Deretter vert dei oppdaterte utvidingane installerte. Dersom det oppstår feil, vert det vist ei feilmelding, men installeringa held fram.

Dersom alle oppdateringar er ferdighandtert, viser dialogen «Hent og installer» at den er ferdig. Du kan avbryta prosessen ved å trykkja påAvbryt oppdatering.

Vis alle oppdateringane

I normaloppsettet vert berre dei utvidingane som kan lastast ned viste i dialogvindauget. Kryss av for Vis alle oppdateringar for også å sjå andre utvidingar og feilmeldingar.