Rediger eigendefinert ordbok
Legg til og slett element som vert brukte til Hangul/Hanja-omgjering.
Bok
Vel den sjølvvalde ordlista du vil redigera.
Original
Vel elementet i den gjeldande ordlista som du vil redigera. Om ønskjeleg kan du også skriva inn ei ny oppføring i dette feltet. Trykk Enter-tasten for å gå frå det opphavlege feltet til det første feltet i forslagsområdet.
Forslag (maks. 8)
Skriv inn eit forslag til erstatning for oppføringa som er vald i tekstboksen «Original». Erstatningsordet kan ikkje innehalda meir enn åtte teikn.
Ny
Legg til gjeldande utbytingsvilkår i ordlista.
Slett
Slett den valde oppføringa.