Hangul/Hanja-innstillingar

Definer innstillingane for Hangul/Hanja-omgjering.

Eigendefinerte ordlister

Viser ei liste over alle sjølvvalde ordlister. Merk av avkryssingsboksen ved ordlista du vil bruka. Fjern avmerkinga ved ordlister du ikkje vil bruka.

Ny

Opnar dialogvindauget «Ny ordliste» der du kan laga ei ny ordliste.

Namn

Skriv inn eit namn på ordlista. Trykk OK for å få med ordlista i listeboksen >Sjølvvalde ordlister.

Rediger

Opnar dialogvindauget Rediger sjølvvald ordliste der du kan redigera alle sjølvvalde ordlister.

Slett

Slettar den valde sjølvvalde ordlista.

Innstillingar

Angjev fleire innstillingar for alle ordbøkene.

Ignorer posisjonsteikn ved slutten av ord

Ignorer posisjonsteikn ved slutten av koreanske ord når du søkjer etter ei ordliste.

Vis nyleg brukte element først

Viser framlegget til utbyting som du valde sist gong som første oppføring i lista.

Erstatt alle unike element automatisk

Byter automatisk ut ord som berre har eitt framlegg til byteord.