Hangul/Hanja-konvertering

Gjer om den valde koreanske teksten frå Hangul til Hanja eller omvendt. Menykommandoen kan berre brukast dersom støtte for asiatiske språk er slått på under → Språkinnstillingar → Språk og ein tekst formatert på koreansk er vald.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Verktøy → Språk → Hangul/Hanja-konvertering (støtte for asiatiske språk må vera slått på)


Original

Viser gjeldande utval.

Ord

Viser det første framlegget til utbyting frå ordlista. Du kan endra ordet eller skriva inn eit anna ord. Trykk Finn-knappen for å byta ut det opphavlege ordet med det nye framlegget.

Søk

Finn Hangul-ordet i ordlista og byt det ut med det tilsvarande Hanja-ordet. Trykk Ignorer for å avslutta leitinga.

Forslag

Viser alle tilgjengelege utskiftingar i ordlista. Viss Byt ut med-boksen er slått på, får du sjå eit rutenett med teikn. Dersom Byt ut med teikn-boksen ikkje er merkt av, får du sjå ei liste over ord.

Format

Klikk på formatet for å sjå erstatningane.

Hangul/Hanja

Dei opphavlege teikna vert bytt ut med dei føreslegne teikna.

Hanja (Hangul)

Hangul-delen vert vist i parentesar etter Hanja-delen.

Hangul (Hanja)

Hanjal-delen vert vist i parentesar etter Hangul-delen.

Hanja som kringtekst over

Hanja-delen vert vist som rubytekst over Hangul-delen.

Hanja som kringtekst under

Hanja-delen vert vist som rubytekst under Hangul-delen.

Hangul som kringtekst over

Hangul-delen vert vist som rubytekst over Hanja-delen.

Hangul som kringtekst under

Hangul-delen vert vist som rubytekst under Hanja-delen.

Konvertering

I ein merkt tekst med både Hangul- og Hanjateikn, vert alle Hangulteikn normalt gjort om til Hanja og alle Hanjateikn til Hangul. Viss du berre vil gjera om ein slik tekst ein veg, kan du bruka følgjande omgjeringsinnstillingar.

Berre Hangul

Merk for å omforma berre Hangul. Hanja vert ikkje omforma.

Berre Hanja

Merk for å omforma berre Hanja. Hangul vert ikkje omforma.

Ignorer

Det vert ikkje gjort endringar i gjeldande utval. Neste ord eller teikn vert merkt for omgjering.

Ignorer alltid

Det vert ikkje gjort endringar på gjeldande utval, og kvar gong same utval vert oppdaga vert det automatisk hoppa over. Neste ord eller teikn vert valt for omgjering. Lista over ignorert tekst er gyldig for denne LibreOffice-økta.

Byt ut

Byter ut utvalet med framlegget til ord eller teikn i samsvar med formateringsinnstillingane. Neste ord eller teikn vert merkt for omgjering.

Erstatt alltid

Byter ut utvalet med framlegget til teikn eller ord i samsvar med formateringsinnstillingane. Kvar gong det same utvalet vert oppdaga, vert det automatisk bytt ut. Neste ord eller teikn vert valt for omgjering. Lista over utbytingstekst er gyldig for denne LibreOffice-økta.

Erstatt teikn for teikn

Merk av for å flytta teikn for teikn gjennom den merkte teksten. Er denne ikkje merkt av, vert heile ord byt ut.

Innstillingar

Opnar dialogvindauget Hangul/Hanja-innstillingar.