Innstillingar for XML-filtera

Opnar dialogvindauget Innstillingar for XML-filter, der du kan laga, redigera, sletta og testa filter for å importera og eksportera XML-filer.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Verktøy → Innstillingar for XML-filter


Om XML-filtra

Merknadsikon

Nokre filter er berre tilgjengelege som valfrie komponentar under installasjonen av LibreOffice. Køyr installasjonsprogrammet til LibreOffice og vel «Endra» for å leggja til eit valfritt filter. Vel filteret frå lista med modular.


Uttrykket XML-filter vert heretter brukt som forkorting for den meir nøyaktige beskrivinga XSLT-basert filter.

Term

Skildring

XML

Extensible Markup Language

XSL

Extensible Stylesheet Language

XSLT

Extensible Stylesheet Language Transformation. XSLT-filer vert også kalla XSLT-stilsett.


Merknadsikon

XHTML-eksportfilteret lagar gyldige «XHTML 1.0 Strict»-utdata for Writer-, Calc-, Draw- og Impress-dokument.


Filterliste

Vel eitt eller fleire filter og trykk deretter på ein av knappane.

Merknadsikon

Nokre filter er berre tilgjengelege som valfrie komponentar under installasjonen av LibreOffice. Køyr oppsettsprogrammet til LibreOffice og vel «Endra» for å leggja til eit valfritt filter. Vel filteret frå lista med modular.


Listene viser namnet og typen til dei installerte filtera.

  1. Klikk på eit filter for å velja det.

  2. Hald nede Shift eller og trykk for å velja fleire filter.

  3. Dobbeltklikk på eit namn for å redigera fiteret.

Ny

Opnar eit dialogvindauge med namnet på det nye fileteret.

Rediger

Opnar eit dialogvindauge med namnet på den valde fila.

Test XSLT-ar

Opnar eit dialogvindauge med namnet på den valde fila.

Slett

Slettar den valde fikla etter at du har bekrefta neste dialogvindauge.

Lagra som pakke

Viser dialogvindauget Lagra som der du kan lagra den markerte fila som ei XSLT filterpakke (*.jar).

Opna pakke

Viser dialogvindauget Opna der du kan opna eit filter frå ei XSLT filterpakke (*.jar).

Hjelp

Viser hjelpesida for dette dialogvindauget.

Lukk

Lukker dialogvindauget.