Hendingar

Knyter makroar til programhendingar. Desse makroane køyrer automatisk kvar gong den valde hendinga vert brukt.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Verktøy → Tilpass → Hendingar


Lagra i

Vel først kor du vil lagra hendingskoplinga, i dette dokumentet eller i LibreOffice.

Merknadsikon

Ein makro som er lagra med eitt dokument, kan berre køyrast når dette dokument er ope.


Den store listeboksen viser hendingane og dei tildelte makroane. Etter at du har vald ein stad i listeboksen Lagra i, kan du velja ei hending i den store listeboksen og trykkja Tildel makro.

Tildel makro

Opnar makroveljaren for å tildela ein makro til den valde hendinga.

Fjern makro

Slettar makrutildelinga for den merkte hendinga.