Verktøylinjer
Let deg tilpassa verktøylinjene i LibreOffice.
Søk
Skriv inn ein teiknstreng i innskrivingsfeltet for å avgrensa søk etter kommandoar.
Kategori
Vel kommandokategori i nedtrekkslista for å avgrensa kommandosøket, eller rull ned lista nedanfor. Makroar og stilar er nedst i lista.
Funksjon
Viser resultatet av kombinasjonen av søkestrengen og kategorien for den ønskte funksjonen.
Beskriving
Tekstboksen viser ein kort omtale av den valde kommandoen.
Plassering
Vel kvar verktøylinja skal plasserast. Derso ho vert kopla til ein LibreOffice-modul, vert verktøylinja tilgjengeleg for alle filene som vert opna i den modulen. Vert ho kopla til ei fil, vert verktøylinja opna berre når den fila er opna og aktivert.
Verktøylinje
Vel verktøylinja som skal tilpassast. Dei gjeldande funksjonane vert viste nedanfor.
Legg til
Trykk på knappen «Legg til» for å leggja til ei ny verktøylinje.
Fjern
Klikk på denne knappen for å sletta verktøylinja.
Du kan berre sletta sjølvvalde verktøylinjer og sjølvvalde oppføringar i verktøylinjene.
Knappen Pil høgre
Trykk på høgrepila for å kopiera den merkte funksjonen i det venstre vindauget over til den valde verktøylinja i det høgre vindauget.
Knappen Pil venstre
Klikk på venstrepila for å sletta den merkte kommandoen frå den gjeldande verktøylinja.
Knappane Pil opp og Pil ned
Trykk på oppover- og nedoverpilene heilt til høgre for å flytta den merkte kommandoen oppover eller nedover i lista over kommandoar i verktøylinja.
Du kan dra og sleppa den valde kommandoen og leggja han der du ømskjer.
Set inn
Set inn skiljeteikn: Legg til eit skiljeteikn for å gjera verktøylinja lettare å lesa og for å gruppera elementa etter emne.
Endra
-
Gje nytt namn: Gje oppføringa eit nytt namn.
-
Byt ikon: Opnar dialogvindauget Bytt symbol der du kan setja inn eit anna symbol i den gjeldande kommandoen.
-
Tilbakestill ikon: Sett ikonet tilbake til standardikonet.
-
Gjenopprett standardkommando: Gå tilbake til standardkommandoen.
Standard
Slettar alle endringar gjort tidlegare i verktøylinja.