Sprettoppmenyar

Gir deg høve til å tilpassa LibreOffice-menyar for alle modular.

Du kan leggja til merknadar, endra eksisterande merknadar eller endre rekkjefølgja på elementa i sprettoppmenyen. Du kan også leggja til kommandoar som vert utførte av makroar og bruka alle stiltypane direkte frå sprettoppmenyen.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Verktøy → Tilpass → Sprettoppmenyar.


Søk

Skriv inn ein teiknstreng i innskrivingsfeltet for å avgrensa søk etter kommandoar.

Kategori

Vel menykategori i nedtrekkslista for å avgrensa kommandosøket eller rull ned lista nadanfor. Makroar og stilar er nedst i lista.

Funksjon

Viser resultatet av kombinasjonen av søkestrengen og kategorien for den ønskte funksjonen.

Beskriving

Tekstboksen viser ein kort omtale av den valde kommandoen.

Plassering

Vel kvar sprettoppmenyen skal plasserast. Derso han vert kopla til ein LibreOffice-modul, vert menyen tilgjengeleg for alle filene som vert opna i den modulen. Vert han kopla til ei fil, vert menyen opna berre når den fila er opna og aktivert.

Meny

Vel sprettoppmenyen som skal tilpassast. Dei gjeldande funksjonane vert viste nedanfor.

Legg til

Trykk på «Legg til»-knappen for å leggja til ein ny sprettoppmeny.

Fjern

Klikk på denne knappen for å sletta sprettoppmenyen.

Merknadsikon

Du kan berre sletta sjølvvalde sprettoppmenyar og sjølvvalde menyelement.


Knappen Pil høgre

Trykk på høgrepila for å kopiera den merkte funksjonen i det venstre vindauget over til den valde sprettoppmenyen i det høgre vindauget.

Knappen Pil venstre

Klikk på venstrepila for å sletta den merkte kommandoen frå den gjeldande sprettoppmenyen.

Knappane Pil opp og Pil ned

Trykk på oppover- og nedoverpilene heilt til høgre for å flytta den merkte kommandoen oppover eller nedover i lista over kommandoar i sprettoppmenyen.

Tipsikon

Du kan dra og sleppa den valde kommandoen og leggja han der du ømskjer.


Set inn

Endra

Standard

Slettar alle endringar gjort tidlegare i sprettoppmenyen.