Makro

Opnar eit dialogvindauge der du kan organisera makroar.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Verktøy → Makroar → Organiser makroar → LibreOffice Basic eller trykk +F11 (dersom det ikkje er sett opp på systemet du bruker)


Makronamn

Viser namnet på den nye makroen. Skriv inn eit namn her for å oppretta eller endra namnet på makroen.

Makro frå / Lagre makro i

Listar opp bibliotek og modular du kan bruka til å opna eller lagra makroar. For å lagra ein makro med eit bestemt dokument, opnar du først dokumentet for deretter denne menyen.

Køyr / Lagre

Køyrer eller lagrar den gjeldande makroen.

Tildel

Opnar den tilpassa dialogen der du kan leggja den valde makroen inn i ein menykommando, ei verktøylinje eller ei hending.

Rediger

Startar LibreOffice Basic-redigeraren og opnar den valde makroen eller dialogvindauget for redigering.

Ny/slett

Opprett ein ny makro eller slett den valde makroen.

For å lage ein ny makro, vel modulen «Standard» i lista Makro frå og vel så Ny.

For å sletta ein makro, vel makroen og trykk Slett.

Nytt bibliotek

Lagrar den opptekne makroen i eit nytt bibliotek.

Ny modul

Lagrar den opptekne makroen i ein ny modul.

Organisering

Opnar menyen for Organisering av makroar der du kan leggja til, redigera eller sletta makro-modular, dialogvindauge og bibliotek.

Fana Modul/dialogvindauge

Let deg handtera boksar for modular og dialogvindauge.

Modul/dialogvindauge

Lister opp eksisterande makroar og dialogvindauge.

Rediger

Opnar den valde makroen eller dialogen for redigering.

Lukk

Lukkar dialogvindauget og lagrar alle endringane.

Ny

Opnar rediegringsverktøyet og opprettar ein ny modul.

Ny

Opnar redigeringsverktøyet og lagar eit nytt dialogvindauge.

Slett

Slettar elementet eller elementa etter stadfesting.

Bibliotek-fana

Let deg handtera makrobiblioteka for denne applikasjonen og andre opne dokument.

Stad

Vel programmet eller dokumentet som inneheld makro-biblioteka du vil organisera.

Bibliotek

Listar opp makrobiblioteka i det gjeldande programmet og alle opne dokument.

Rediger

Opnar LibreOffice Basic editor slik at du kan endra det valde biblioteket.

Lukk

Lukkar dialogvindauget og lagrar alle endringane.

Passord

Lag eller endra passordet for det valde biblioteket.

Ny

Lagar eit nytt bibliotek.

Namn

Skriv inn namnet på det nye biblioteket eller modulen.

Importer

Finn LibreOffice Basic-biblioteket du ville leggja til i lista og trykk «Opna».

Slett

Slettar elementet eller elementa etter stadfesting.

Skript

For å opna dialogvindauget «BeanShell-makroar», vel du «Verktøy → Makroar → Organiser makroar → BeanShell». Vel «Verktøy → Makroar → Organiser makroar → JavaScript» for å opna dialogvindauget «JavaScript-makroar». (Gjeld eldre versjonar).

Eksporter

Opnar eit dialogvindauge for å eksportera det valde biblioteket anten som ei utviding eller som eit Basic-bibliotek.

Makro

Vel ein makro eller eit skript frå «user», «share» eller eit ope dokument. Dobbeltklikk på ei oppføring for å visa tilgjengelege makroar eller skript.

Køyr

Du kan køyra eit skript ved å velja eit skript i lista og så trykkja «Køyr».

Opprett

Lagar eit nytt skript. Standardverktøyet for redigering av skript vert opna etter at du har skrive inn eit namn på skriptet.

skriv inn eit namn på skriptet.

Rediger

Opnar standardprogrammet for redigering av skript.

Endra namn

Opnar eit dialogvindauge der du kan endra namnet på det valde skriptet.

Slett

Spør om du vil slette det merkte skriptet.

Dialogvindauget der du kan velja makroar inneheld listeboksane«Bibliotek» og «Makronamn».

Bibliotek

Vel ein makro eller eit skript frå «user», «share» eller eit ope dokument. Dobbeltklikk på ei oppføring i lista for å sjå innhaldet i biblioteket.

Makronamn

Trykk på eit skript og deretter på ein kommandoknapp.