Plassering

Angjev innrykks-, avstands- og justeringsinnstillingar for ei nummerert eller punktoppstilt liste.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Format → Punkt og nummerering. Opna fana Plassering.


Merknadsikon

Fana «Plassering» ser annleis ut i dokument som bruker dei nye eigenskapane for plassering og mellomrom som vart introdusert i OpenOffice.org 3.0 (og brukt i alle versjonar av LibreOffice) enn for versjonane før 3.0. Den nye versjonen viser kontrollane «Nummerering følgd av», «Nummereringsjustering», «Justert til» og «Innrykk til». Den gamle versjonen er synleg i gamle nummererte lister og punktlister som «Innrykk», «Breidd på nummereringa», «Minimum avstand mellom tal og tekst» og «Justering av nummerering». (Eller noko liknande. Eg har ikkje den gamle versjonen. o.m.).


Nivå

Vel nivåa du vil endra på.

Nummerering følgd av

Vel elementet som skal følgja nummereringa: ein tabulator, eit mellomrom, eit linjeskift eller ingenting.

til

Viss du vel at ein tabulator skal følgja nummereringa, kan du fylla inn ein positiv verdi som plassering for tabulatoren.

Justering av nummerering

Set justeringa for nummereringssymbola. Vel «Venstre» for å justera symbola til å byrja rett ved posisjonen i «Juster til». Vel «Høgre» for å justera symbola til å slutta rett før denne posisjonen. Vel «Midtstilt» for å midtstille symbolet ved denne posisjonen.

Merknadsikon

Justering av nummereringa påverkar ikkje justeringa av avsnittet.


Justert til

Skriv inn avstanden frå venstremargen som nummereringssymbolet skal justerast til.

Innrykk til

Skriv inn avstanden frå venstremargen til byrjinga av alle linjene i det nummererte avsnittet som følgjer første den linja.

Innrykk

Skriv inn avstanden mellom den venstre sidemargen (eller venstrekanten til tekstobjektet) og venstrekanten til nummereringssymbolet. Dersom avsnittet er innrykka, vil avstanden du gjev her koma i tillegg til innrykket.

I høve til

Rykkjer inn dette punktnivået i forhold til førre nivå i hierarkiet.

Breidd på nummerering

Skriv inn kor stor avstand det skal vera mellom venstrekanten av nummereringssymbolet og venstrekanten av teksten.

Standard

Stiller tilbake verdiane for innrykk og mellomrom til standardverdiane.

Førehandsvis felt

Førehandsvis utvalet.