Innstillingar
Bestemmer formateringsinnstillingane for nummererte lister og punktlister. Du kan også bruka individuell formatering for ulike nivå i listehierarkiet.
Format
Vel nivået eller nivåa du vil endra og vel så formateringa du vil bruka.
Nivå
Vel kva nivå du vil setja opp formatering for. Det valde nivået vert utheva i førehandsvisinga.
Nummerering
Vel ein nummereringstype du vil bruka på dei valde nivåa.
Utval |
Skildring |
1, 2, 3, … |
Arabiske tal |
A, B, C, … |
Store bokstavar |
a, b, c, … |
Små bokstavar |
I, II, III, … |
Romartal (store bokstavar) |
i, ii, iii, … |
Romartal (små bokstavar) |
A, …, AA, …, AAA, … |
Alfabetisk nummerering med store bokstavar |
a,…, aa,…, aaa,… |
Alfabetisk nummerering med små bokstavar |
Punktteikn |
Legg eit punktteikn til i byrjinga av ei linje. Vel dette alternativet og trykk på knappen Teikn for å velja ein punktstil. Punktteikna vert skalerte til å passa linjehøgda. Det er også mogleg å definera ein eigen teiknstil for punktteikna og gje dei ein annan skriftstorleik. |
Bilete |
Viser eit bilete som punktteikn. Marker denne innstillinga og klikk på Vel for å kunna bla deg fram til den ønskte biletfila. Biletet vert bygd inn i dokumentet. |
Lenkja bilete |
Visar eit bilete som punktteikn. Vel denne innstillinga og klikk på Vel for å finna fram til biletet som skal brukast. Biletet vert sett inn som ei lenkje til biletfila. |
Ingen |
Ikkje bruk nummereringsingsstil. |
Tilgjenget til dei følgjande felta avhenger av stilen som er vald i Nummerering-boksen.
Før
Skriv inn eit teikn eller ein tekst som skal stå framom nummera i lista.
Etter
Skriv inn eit teikn eller ein tekst som skal visast etter nummeret i lista. Viss du vil laga ei nummerert liste som bruker stilen «1.)», må du skriva inn «.)» i denne boksen.
Referansestil
Vel teiknstilen som skal brukast i den nummererte lista. For å laga eller endra ein teiknstil, opna vindauget Stilhandsamar, klikk på knappen for teiknstil, høgreklikk på ein stil og trykk på knappen Ny.
Siste linje
Skriv inn talet på føregåande nivå som skal takast med i stilen. Viss du for eksempel skriv inn «2» og det føregåande nivået bruker nummereringsstilen «A, B, C …», vert stilen for det gjeldande nivået «A.1».
Start på
Skriv inn eit nytt tal som gjeldande nivå skal starta nummereringa på.
Farge Farge
Vel ein farge for den gjeldande nummereringsstilen.
Relativ storleik Relativ storleik
Skriv inn kor mykje du vil endra storleiken på punktteiknet i høve til skrifthøgda brukt i det gjeldande avsnittet.
Teikn
Opna dialogvindauget Spesialteikn, der du kan velja kva teikn du vil bruka som punkt.
Alternativ for bilete:
Vel …
Vel eit bilete eller fin stien til biletet du vil bruka som punktteikn.
Breidd
Skriv inn kor breitt biletet skal vera.
Høgd
Skriv inn kor høgt biletet skal vera.
Same storleiksforholdet
Held på storleiksforholda til biletet.
Justering
Vel korleis biletet skal plasserast.
Slå på
Tal på linjer i fila.
Slå på
Aukar nummereringa med ein for kvart steg du går ned i nivåa i listehierarkiet.